Kort om arbeidsgiver
Herøy kommune har i tillegg til Myrvåg legesenter, to legekontor: Gruppepraksis ved Herøy legesenter (pt. 5 heimlar + LIS1) og solopraksis i Fosnavåg helsehus, begge på Bergsøya. 
Ved Myrvåg legesenter er det fire fastlegeheimlar og ei stilling for LIS1-lege. To av legane er spesialistar i allmennmedisin, og den tredje får slik godkjenning snart. Myrvåg legesenter er lokalisert i same bygg som Myrvåg fysioterapi og det er godt og tett samarbeid mellom desse to tenestetilboda
Den ledige heimelen har eit listetak på 800 pasientar. Kommunen har nyleg vedtatt legeplan og i denne er rammene for eit årsverk sett til 800 - 1000 listepasientar
Kommunen har hatt rekrutteringsutfordringar i delar av legetenesta, men er no i gang med eit planmessig rekrutteringsarbeid basert på plan for legetenesta, noko som vi ser ut til å lukkast godt med. Ved Myrvåg legesenter har legesituasjonen vore stabilt over tid.

Du finn den nyleg vedtekne planen her:  https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf 
Du kan velge mellom fast løn eller næringsdrift (8.2-avtalar). Vi tilbyr gunstige ALIS-avtalar for deg som har gjennomført LIS1, har ønske om å starte spesialisering i allmennmedisin, eller ønsker å prøve ut fastlegearbeid i minimum eit år.

Kostnadar ved overtaking vil vere lav. 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Herøy kommune Møre og Romsdal
Barn, familie og helse
Kontaktperson
Navn: Runa Bakke
Tittel: Avd. leiar barn, familie og helse
Telefon: 91621147
E-post: runa.bakke@heroy.kommune.no
Arbeidssted
Myrvåg legesenter
Dragsundvegen 11
6080 GURSKØY
Søk på stillingen