Kort om arbeidsgiver

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har tre avdelingar som er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), og tre avdelingar som er lokalisert på Haukelandsområdet: Avdeling spiseforstyrringar, Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin. 

Avdeling psykosomatisk medisin har eit tverrfagleg miljø med spesialistar i psykiatri, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar. Vi har no ledig 100 % fast stilling for spesialist i psykiatri. Avdelinga gir tenester til dei somatiske einingane på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale sykehus.

Arbeidsoppgåver

  • Konsultasjon-liaison teneste til dei somatiske einingane ved HUS og HDS
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidande einingar
  • Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
  • Ta del i samarbeidet mellom dei ulike seksjonane i klinikken

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialist i vaksenpsykiatri
  • Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå Konsultasjon-liason psykiatri er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Den som blir tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Det er vidare viktig at du likar å arbeide i tverrfaglege team
  • Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Interessante arbeidsoppgaver
  • Moglegheit for forskning
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Ann Christin Øren Rivenes
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55974562
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling psykosomatisk medisin, Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen