Kort om arbeidsgiver

Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som gir eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, autopsi, elektronmikroskopi, nevropatologi og molekylærpatologi. Avdelinga har totalt 115 tilsette derav 12 LIS-stillingar og 24 overlegestillingar. Vi mottar årleg 110.000 prøver i året, derav 60.000 er cytologi, og vi utfører ca 350 obduksjonar.

Vi søker ein fast seksjonsoverlege til seksjon for cytologi. Vi ser etter ein motivert person som har  ønske om å bidra til utviklinga til seksjonen- og avdelinga sådan. Seksjonsoverlegen vil ha det medisinsk-faglege ansvaret og  søkar bør ha erfaring frå både gynekologisk og ikkje- gynekologisk cytologi. Det skjer mykje innan dette fagområdet og den som blir tilsett må vere interessert og opptatt av ny teknologi og moglegheitene som dette vil gje framover. Seksjon for cytologi har vore 1 av 4 prøvefylker for innføring av HPV primærscreening og starta full HPV primærscreening i 2018. Vi har ein moderne maskinpark og er den første avdelinga i landet med Cobas 6800 som plattform. Vi har væskebasert framstilling av gynekologiske prøver og er i oppstartsfasa med å innføre væskebaserte ikkje- gynekologiske prøver. I 2022 vil seksjonen starte opp med automatisert screening. Vidare har vi Cellient for tillaging av celleblokk og eit flowcytometer brukt hovudsakleg for diagnostikk av lymfom og ploiditetsanalyse.

Vår nye seksjonsoverlege må vere spesialist i patologi og det vil bli lagt til rette for at seksjonsoverlegen deltar i ein eller fleire av avdelinga sine faggrupper. Seksjons-overlegen sit i avdelinga si leiargruppe og vil vere med på å påvirke målsetting og virksomhetsplan for avdelinga. Avdelinga er akkreditert, og ei viktig oppgåve for seksjonsoverlegen vil vere å arbeide med forbetringsarbeid i alle ledd. Det er viktig med eit godt og tett samarbeid med seksjonsoverlege, seksjonsleiar og driftsleiar. 

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for seksjonen
  • Legge til rette for gode faglege rutinar og høg medisinsk standard
  • Legge til rette for fagutvikling, etterutdanning og forsking
  • Ny verksemd blir iverksett i samråd med avdelingssjef
  • Handtering av avvik
  • Bidra inn i leiargruppa, strategiarbeid og utvikling
  • Andre oppgåver kan bli pålagd etter behov og diskusjon
  • Delta i det diagnostiske arbeidet med biopsiar, operasjonspreparat, cytologiske prøver, molekylæranalyser og obduksjonar mv.  
  • Supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Det er ønskeleg med erfaring innan cytologi
  • Relevant forskingserfaring blir lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Den som har denne rolla må vise fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Personleg egnethet blir lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ei framtidsretta teknologisk plattform i ekspansjon


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Anna Elisabeth Thunstrøm
Tittel: Ass. avdelingssjef
Telefon: (+47) 55973214
Navn: Lisbeth Sviland
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: (+47) 55973175
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen