Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer etter legevikar med :
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og
- har interesse og engasjement for allmennlegetenester i kommunen
- har evne til å tenke heilskapleg, førebyggande og tverrfagleg
- har fokus både på pasient og tenesta si rolle og funskjon i samarbeid med andre tenesteområde og tenestenivå
- har gode evner til å jobbe sjølvstendig og kan inngå i teamarbeid og i tverrfaglege samarbeid
- liker utfordringar, er fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingarbeid.
Vi søkjer etter å rekruttere lege som vil vere med på å utforme morgendagens fastlegeteneste.
Dette vil ein få høve til i eit godt drive legesenter med engasjerte kollegaer i eit godt samarbeid med kommunen.
Vi vil gjere ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagt.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Vi kan tilby:
Nye gode lokaler i ein gruppepraksis med 14 fastlegeheimlar.
Fastlegeheimel som pr. dato har listetak på 500 pasientar. Det kan vere aktuelt å auke listetaket.
Det er gode moglegheiter for å avtale daglegevakter ved legesenteret om dette er ynskjeleg.
Praksisen ved Legesenteret AS er organisert som sjølvstendig næringsdrivande legepraksis med støttetenester som er etabelert i gruppepraksisen. Det må gjerast eigen avtale for praksisen med Legesenteret AS.
Fastlegane deler på daglegevakt ved legesenteret og deltek i turnus i interkommunal legevakt utanom kontortid. Vaktbelastninga er gjennom etablering av nu legevakt betydeleg redusert og sikrar at ein alltid kan samhandle med anna hjelpepersonell.

Legesetneret har lokaler ved sidan av helsestasjon, komunepsykolog, kommunal fysio- og ergoterapiteneste og heimebasert omsorg. Samling av helsetenestene har vore ei ynskt satsing frå si side for å medverke til god samhandling mellom dei ulike helsetenestene.

Dersom du er under spesialisering i allmennmedisin, får du tildelt veileder som skal sikre gjennomføring av utdanningsplanen.
Ørsta kommune har som mål at du som fastlege skal ha gode arbeidsvilkår våde fagleg, kollegialt og økonomisk, og vere ein ressurs for innbyggjarane si oppleving av eit godt helsevesen.

Vi ynskjer deg velkommen som søkjar til ein spennande og utfordrande arbeidskvardag som fastlege i vår kommune. 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Ørsta kommune
Legesenteret AS
Kontaktpersoner
Navn: Oddvar Marøy
Tittel: Stabsleiar
Telefon: +4791851882
E-post: oddvar.maroy@orsta.kommune.no
Navn: Hege Axe Øvsteng
Tittel: Leiar Ørsta helsesenter
Telefon: 70048050
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Søknad
Søknad merkes: Fastlegevikar
Arbeidssted
Ørsta helsesenter
Dalevegen 28A
6153 ØRSTA