Kort om arbeidsgiver
Om stillinga
Helse-, sosial og barnevern har ledig to faste stillingar frå snarast.

Avdelinga har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med barnevern, helse-, omsorg- og sosialtenestene. Avdelinga har brei kontakt med kommunar, spesialisthelsetenester og nasjonale styresmakter. Vi behandlar enkeltsaker og fører tilsyn med kommunar, helseføretak og institusjonar, gir råd og rettleiing og medverkar til gjennomføring av nasjonale mål.

Fylkeslegen/avdelingsdirektøren leier avdelinga som har tilsette med barnevern-, sosial-, helse-, juridisk-, pedagogisk-, samfunnsfagleg og administrativ kompetanse.

Arbeidsoppgåvene omfattar medisinsk faglege vurderingar i enkeltsaker og klager, tilsyn med helse- og omsorgstenester og råd og rettleiing til tenestene, helsepersonell og enkeltpersonar.  Oppgåvene blir tilpassa kompetansen til den som får stillinga og den samla faglege kompetansen i avdelinga. Arbeidet er variert og i stor grad tverrfagleg.  

Den eine stillinga ligg til seksjon for kommunehelse og den andre til seksjon for spesialisthelseteneste.

Avdelinga har tre seksjonar og kontorstader på Leikanger og i Bergen. Den eine stillinga er knytt til kontoret i Leikanger og den andre til Bergen, men då stillingane ikkje er kopla mot den eine eller andre kontorstaden, oppmodar vi kvalifiserte søkjarar til å søkje på stilling/-ane og i søknaden informere om ønska kontorstad.


Kvalifikasjonar
  • medisinsk embetseksamen og autorisasjon som lege med erfaring frå og god kjennskap til helse- og omsorgstenestene. For den eine stillinga er det ønskjeleg med lengre arbeidserfaring frå allmennpraksis med interesse for samfunnsmedisin og for den andre stillinga er det ønskjeleg med erfaring frå psykiatri, og/eller barne- og ungdomspsykiatri, og/eller rusmedisin
  • erfaring frå, eller god forståing for offentleg forvaltning
  • kunnskap om helse- og velferdstenestene

Personlege eigenskapar
  • god arbeidskapasitet
  • evne til å tenke analytisk
  • god evne til skriftleg framstilling
  • gode samarbeidsevner og vere innstilt på å samarbeide nært med kollegaer
  • kunne grunngje og kommunisere kompliserte problemstillingar på ein god måte
  • sjølvstendig arbeid
  • fullføre oppgåver innan dei fristane som er sett
Vi legg vekt på evne til fleksibilitet og omstilling.


Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår:
Stillinga er lønna i stillingskode 0774 ass. fylkeslege, frå kr 880 000 – 1000 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.  
    
I stillinga som ligg til spesialisthelsetenesta vil høgt kvalifiserte søkjarar vere aktuelle for tildeling av særskilt ansvar og mynde innafor arbeidsområda rus og psykiatri.  

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Stillingskategori
Andre legestillinger
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Spesialisthelse og kommunehelse og -omsorg/ Helse, sosial og barnevern
Kontaktpersoner
Navn: Karianne Flaatten
Tittel: Seksjonssjef
Telefon: 55 57 22 26/ 473 16 886
E-post: fmhokfl@statsforvalteren.no
Navn: Linda Svori
Tittel: Seksjonssjef
Telefon: 57 64 31 61
E-post: fmsflsve@statsforvalteren.no
Navn: Sjur Lehmann
Tittel: Fylkeslege/avdelingsdirektør
Telefon: 55 57 22 18/ 452 45 835
E-post: fmhosle@statsforvalteren.no
Arbeidssted
Leikanger og/eller Bergen
Njøsavegen 2
6863 LEIKANGER
Søk på stillingen