Kort om arbeidsgiver

På medisinsk avdeling i Molde ønskjer vi å utvikle oss mot framtidas helsetjeneste. I 2025 skal vi flytte inn i heilt nytt sjukehus, Sykehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Da skal vi slå sammen fagmiljøene i Kristiansund og Molde. Vi ser fram til å byggje større og meir robuste fagmiljø som kan levere topp kvalitet innanfor heile det indremedisinske spekteret. I dag har vi seksjon for hjertemedisin, lungemedisin, endokrinologi, blodsjukdommar, gastroenterologi, infeksjon og intensivmedisin ved Molde sjukehus. Vi har geriater i utdanning. Vi treng nefrolog. 

Er du spesialist i nefrologi og ønsker å jobbe på ei spesielt triveleg og framoverlent medisinsk avdeling i Norges vakraste fylke? Er du i tillegg ein person som bidreg til både fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø? Då er det deg vi søkjer til å vere med og utvikle seksjon for nyremedisin hos oss!

Vi kan tilby ein spennende og variert arbeidskvardag med store moglegheiter til å utvikle avdelinga, og spesielt seksjon for nyresjukdommar. Vi satsar på kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø. Overlegar går i 14-delt generell indremedisinsk bakvakt, med LIS1 og LIS2/3 tilstade på huset helie døgnet. Vakthavande overlege er heime på natt. 

Bli med på å bygg laget vårt for fremtida! Kva er vel bedre enn å ha moglegheit til å kunne vere på jazzkonsert, vere i kajakken på havet eller på veg opp ein fjelltopp kun 10 min. etter at du har gått fra jobb? Hos oss får du jobbe, lære og utvikle deg fagleg og som menneske i eit godt arbeidsmiljø, samstundes som du kan leve eit rikt og godt liv ved sida av jobben. Les meir om Romsdalen og Molde her.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning
  • Utvikling av nyremedisinsk seksjon 
  • Sengepost og polikliniske oppgaver
  • Moglegheit til å supervisere og rettleie LIS2/3

Kvalifikasjonar

  • Oppnådd spesialitet i nyresjukdommer
  • Meistre norsk språk, skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å tenke nytt og utvikle seg fagleg
  • God til å kommunisere og jobbe tverrfagleg
  • Du bør vere ein god kollega
  • Personlige eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheiter for stor grad av fagleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Nydeleg utsikt
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE
Søk på stillingen