Kort om arbeidsgiver

Vil du vere med på laget?  Styrking av habiliteringstilbodet til pasientar med medfødde funsjonsnedsettingar.

 
Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) søkjer overlege, spesialist i nevrologi i 100 % fast stilling. 

Avdelinga er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som i tillegg består av Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering. Avdelingane er i dag på ulike lokalisasjonar. Det er planlagd innflytting i felles bygg på Nordås i 2024.

Habilitering for vaksne er retta mot personar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er spennande og variert og grensar opp mot ulike spesialitetar. Pasientgruppa i HAVO  har ofte samansette kognitive og medisinske utfordringar. Vi greier ut og behandlar i hovudsak personar med grunnlidingar som utviklingshemming og/eller autismespekterforstyrring. Mange er unge vaksne som møter utfordringar i overgangen til vaksenlivet. Vanleg tilleggsproblematikk kan vera epilepsi, syndrom, psykiske helseutfordringar, åtferd som utfordrar, Tourettes syndrom, motoriske vanskar. Det er i tillegg ein auka førekomst av tidleg demens i målgruppa. Vi planlegg også oppbygging av tilbod til vaksne som har CP og/eller nevromuskulære sjukdommar, nevrolog vil ha en sentral rolle i dette.

Stillinga som overlege i HAVO skal først og fremst ha fokus på medisinske undersøkingar og behandling. Tverrfagleg samarbeid er sentralt i pasientoppfølginga. Ein viktig del av arbeidet er også rådgiving og rettleiing til pasientar, pårørande og kommunehelsetenesta, samt til øvrige delar av spesialisthelsetenesta. 

HAVO arbeider tverrfagleg, og avdelinga består av psykologar/psykologspesialistar, vernepleiarar, ergoterapeutar og fysioterapeut med ulik tilleggsutdanning, samt 2 overlegar som er spesialistar i psykiatri og nevrologi. Arbeidsforma i dag vekslar mellom poliklinikk og ambulante tenester. Det er til saman 27 tilsette ved avdelinga.

AFMR som HAVO skal samlokaliserast med på Nordås, er ein langt større avdeling med fleire tilsette og med både sengepostar og poliklinikk. Auka samarbeid med AFMR er mogleg også før samlokalisering.

Vi søkjer etter ein overlege som har interesse for våre målgrupper og som ønskjer å bidra til å vidareutvikle tilbodet i HAVO. 

Tilsettingsdato er 01.12.2021 eller etter nærare avtale.

Avdelinga er i dag lokalisert i Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein. 

  Sjå elles våre internettsider

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og diagnostisering
  • Behandling
  • Råd og rettleiing
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Bidra i fagutvikling
  • Kurs og undervisning kan vere aktuellt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Spesialistgodkjenning i nevrologi
  • Spesialistar i fysikalsk medisin og rehabilitering kan også søke
  • Interesse for fagfeltet
  • Søkar må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til tverrfagleg samarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar og oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Opplæring/rettleiing av erfaren nevrolog i HAVO
  • Fagleg utvikling
  • Lønn etter gjeldande avtale


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Kjersti Agnete Erdal
Tittel: Klinikkleiar
Telefon: 55918405 / 91721534
Navn: Randi Myklebust
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55535000
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
ReHabiliteringsklinikken, Helse Bergen
Olav Bjordalsvei 29
5111 Breistein