Kort om arbeidsgiver
Voss sjukehus har 5 faste overlegestillingar i tillegg til 1 LIS i anestesiologi. Vi har no ledig ei av overlegestillingane der tilsetjing vil bli etter nærare avtale med avdelingsoverlege.

Anestesilegane har ansvar for Operasjonsavdelinga med 4 operasjonsstover, Akuttmottak og Intensivavdelinga i tillegg til ei oppvakningsavdeling som ligg i kirurgisk dagpost. Den operative aktiviteten har siste to åra vore rundt 2900 inngrep innanfor gastrokirurgi, ortopedi og gynekologi/ obstetrikk. Fødeavdelinga har rundt 450 fødslar i året. Det er 36 % fødeepidural ved vaginale forløysingar. Det er 5 fast tilsette gynekologar på avdelinga.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen, og er lokalsjukehus med traumefunksjon for om lag 30.000 innbyggjarar i Indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn.

Sjukehuset har full akuttberedskap innanfor kirurgi, føde, gynekologi og indremedisin, og det er gode støttetenester innanfor radiologi, fysioterapi, og laboratorium med blodbank. Det er om lag 400 tilsette ved sjukehuset.

Voss sjukehus har hatt god aktivitetsvekst gjennom mange år, og har mål om å halde fram med den positive utviklinga. Ein samla utviklingsplan, Nye Voss sjukehus fram mot 2035, er under arbeid. Planen har som mål å utvikle eit framtidsretta sjukehus, der areal og infrastruktur skal støtte opp om aktiviteten ved sjukehuset.

Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver
  • Anestesien ved Voss sjukehus er allsidig
  • Sist år hadde vi 2900 operasjonar samt 200 sedasjonar til gastro- og koloskopi samt andre prosedyrar som t.d elektrokonvertering
  • Du får stor erfaring med anestesi til overvektige då vi har ansvaret for kirurgi for sjukeleg overvekt i Helse Bergen
  • Anestesilegane har ansvar for obstetrisk anestesi med smertelindring til fødande, anestesi til sectio samt ansvar for resucitering av nyfødde som del av vårt nyfødd-team
  • Vår intensivavdeling tar seg av pasientar frå alle avdelingar på sjukehuset med eit utvida behov for overvaking og aktiv behandling. Vi samarbeider tett med kollegaer på medisinsk og kirurgisk side
  • Vi har respiratorkapasitet, men ikkje til langvarig behandling. Vi samarbeider av den grunn tett med intensivmedisinsk seksjon på Haukeland univeristetssjukehus og overfører pasienten dit om pasienten har behov for det
Kvalifikasjonar
  • Du har brei erfaring innan anestesi, intensivbehandling, traumatologi og obstetrikk
  • Du oppsøkjer og har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner
  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i anestesiologi. Søkjarar som ikkje er ferdig spesialist ved tilsetjingstidspunktet vil og bli vurderte
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
  • Det er sjølvsagt bra om du har APLS-kurs, ATLS-kurs eller tilsvarande
  • Det blir lagt vekt på formell vidareutdanning og ein aktiv haldning til å skaffe seg ny og moderne kompetanse som til dømes innanfor ultralydsrettleia blokkadar        
Personlege eigenskapar
  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust av kompetansen din
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrer høgt tempo
  • Du trivast med å arbeide klinisk med vanleg anestesi både på dagtid og på vakttid              
Vi tilbyr
  • Fagleg og kollegialt godt miljø
  • Variert arbeidsplass som gir moglegheit til å utvikle kompetansen sin
  • For tida 5-delt vaktordning
  • Individuell tilpassing av arbeidsplan ved behov
  • Moglegheit til hospitering på andre avdelingar i Helse Bergen etter avtale
  • Hjelp med å finne bustad/hybel          
 
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Ralf Teetzmann
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56 53 35 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5700 VOSS