Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig eit vikariat i 6 månader for lege i spesialisering i Hjartesjukdommar for snarleg oppstart. Den som blir tilsett tar del i primævaktordning for Hjarteavdelinga.

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv høgspesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område: Ikkje-invasiv biletdiagnostikk, invasiv koronardiagnostikk/terapi og perkutane ventilimplantasjonar, toraks-kirurgi, intensiv- og overvakingsmedisin, pacemaker-, ICD- og CRT behandling, hjartesviktpoliklinikk, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Medisinsk utvikling er framtredande, og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteavdelinga har to store sengepostar, ei intensiv- og overvakingseining, ein stor torakskirurgisk post, eiga pacemaker-operasjonsstove, fire torakskirurgiske operasjonsstover medrekna hybridstove, tre laboratorium for koronar angiografi/PCI, to elektrofysiologilaboratorier og fleire spesialpoliklinikkar.

Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga. 

Arbeidsoppgåver

  • Primærvakt for Hjarteavdelinga
  • Poliklinikk
  • Visittgang og postdrift
  • Opplæring og deltaking i ulike kardiologiske prosedyrar
  • Undervisning
  • Forsking/kvalitetssikring

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i hjartesjukdommar
  • Det blir lagt vekt på erfaring innan kardiologi og ønske om å bli kardiolog
  • Søkar må meistre norsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsorientert, strukturert og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet, effektiv og fleksibel
  • Evne til å syne trivsel i eit aktivt og endringsorientert miljø
  • Interesse for forsking

Vi tilbyr

  • Løn i tråd med tariffavtale
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Eivind Solheim
Tittel: Overlege
Telefon: 55976736
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hjarteavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen