Kort om arbeidsgiver

Visuell og faglig spennande jobb?
Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus har ledig fast stilling som overlege.

Om jobb & fag:
Haugesund sjukehus er perfekt for fagfolk som søker breddekompetanse: Stort nok til full faglig bredde, og lite nok til tett teamarbeid rundt diagnostikk og produksjon.
 
Om oss:
Radiologar med godt faglig renomé, og entusiastisk LIS-gruppe med godt samhold både på og etter jobb.

Om by & land:
Haugesund er ikkje stor by, men senter i eit stort oppland (110.000 lokalt, 180.000 i Fonna-regionen). Stort og variert tilbud innan kultur, idrett og friluftsliv! God kommunikasjon til Stavanger, Bergen og Oslo.

Om avdelinga:
I Haugesund har vi 13 laboratorier fordelt på ultralyd, CT, MR, mammografi, nukleærmedisin, intervensjon og generell røntgen
Seksjonen har SECTRA RIS/PACS.

Seksjonen har 16 overlegestillingar og 7 heimlar for lege i spesialisering i radiologi.

Radiologisk avdeling har gjennomgående ansvar og samdrift av overlegeressurser for all radiologisk virksomhet ved sjukehusa i Helse Fonna: Haugesund, Stord og Odda.
I Haugesund har vi ultralyd, CT, mammografi, intervensjon/angio, MR, nukleærmedisin og generell røntgen. På Stord har vi ultralyd, CT, generell røntgen og MR.                      I Odda har vi ultralyd, generell røntgen og CT.

Radiologisk avdeling satser på effektivitet og høg kvalitet i tenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Hovedoppgave vil vere generell radiologi innan thorax / abdomen / bekken, og også nevroradiologi
  • Deltaking i gjeldande vaktordning, som for tida er 11-delt.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i radiologi
  • Må kunna norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring innan CT /MR og evt mammografi vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Resultat- og endringsorientert
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Like varierte utfordringar
  • Pådrivar og proaktiv innstilling
  • Personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Ein spennande og framtidsretta arbeidsplass i eit ungt og triveleg miljø, med høgt fagleg nivå og nytenking.
  • Lønn i samsvar med gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)

 

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Elin Hetland
Tittel: Funksjonsleiar
Telefon: (+47) 52732273
Navn: Harald Nes
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: (+47) 52732279
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundsgaten 120
5504 Haugesund
Søk på stillingen