Kort om arbeidsgiver
Kvam herad tilbyr heildøgns pleie og omsorgstilbod både i sjukeheimane og omsorgsbustadane. Sjukeheimslegen ved Toloheimen er tilsett i 100% stilling med ansvar for korttidsplassar ved Kvam behandling og rehabiliteringsavdeling, inkludert pasientar innan kommunen sitt tilbod om akutt døgntilbod (ØHD-seng) og langtidsplassar.  Kommunen har totalt tre sjukeheimslegar som har regelmessige samarbeidsmøte.  LIS1 har også oppgåver innan sjukeheimsmedisin. Noverande sjukeheimslege har gått over i fastlegestilling, og me søkjer difor etter spesialist i allmennmedisin eller geriater med interesse for sjukeheimsmedisin. Lege i spesialisering kan også søkja.


Arbeidsoppgåver
  • Sjukeheimslege for pasientar ved Toloheimen, inkludert medisinsk behandling ved akutt og langvarig sjukdom, utgreiing og observasjon.
  • Medisinskfagleg rådgjevar for sjukeheimstenesta og legetenestene ved sjukeheimane. 
  • Systemansvar for sjukeheimsmedisin inkludert palliativ omsorg. 
  • Deltaking i kommunen sitt inntaksmøte for fordeling av sjukeheimsplassar.
  • Samhandling med eksterne samarbeidspartar.
  • Initiera og delta i utviklingsarbeid og tverrfagleg samarbeid inkludert intern undervisning.
  • Vera pådrivar for kvalitetsutvikling, inkludert forsvarleg og god medisinering.
  • Veiledning og informasjon til pasientar og pårørande, t.d. "pårørandeskule" ved demens.

Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialisering innan allmennmedisin eller geriatri er ei føremon, men lege med gjennomført LIS1 kan også søkja
  • Erfaring, interesse og kompetanse innan sjukeheimsmedisin
  • Interesse og erfaring frå systemarbeid og prosjektarbeid
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Det er ynskjeleg at den som vert tilsett kan delta i kommunal og interkommunal legevaktsordning

Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.  

Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Engasjert og fleksibel
  • Systematisk og sjølvstendig arbeidsstil

Vi tilbyr
  • Ein spennande og fagleg utfordrande stilling
  • Den som vert tilsett vil få høve til å opparbeida seg kompetanseområdet sjukeheimsmedisin
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper
  • Godt fagleg miljø og engasjerte kollegaer 
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Generell informasjon
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Kvam herad
Kontaktpersoner
Navn: Dag Erlend Skjelbreid
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 991 08 543
E-post: dask@kvam.kommune.no
Navn: Elfrid R. Oma
Tittel: Leiar heildøgns tenester
Telefon: 906 81 038
E-post: elom@kvam.kommune.no
Arbeidssted
Nedre Norheim 44,
5600 NORHEIMSUND