Kort om arbeidsgiver
Omtale av arbeidsstaden
Det er ledig 1 fastlegeheimel.
Heimelen har listetak på 1025 pasientar. Listereduksjon kan vurderast etter tiltreding etter gjeldande regelverk.
Legesenteret har innført e-resept og SMS timebestilling/time same dag.
 
Bø legesenter er lokalisert i moderne og godt tilpassa lokale i Bø sentrum. Senteret er velutstyrt og veldrive med ein
dyktig stab med hjelpepersonell. Vi har eit godt arbeidsmiljø. Kvar lege driv eigen praksis som eit enkeltmannsforetak.
All felles drift (t.d. leige av lokale, hjelpepersonell, merkantile tenester) ordnast av eit aksjeselskap, eigd av legane med
like eigarandelar. Selskapet har ein solid økonomi. Legen som vert tilsett i den ledige heimelen må kjøpe sin andel i
selskapet. Legane ved senteret har ei god inntening.
For ytterlegare informasjon om Bø legesenter, kontakt oppgitte kontaktpersonar, og/eller sjå www.bolegesenter.no.
 
Kort om stillinga
Det er ein ledig heimel som har listelengde på 1025 pasientar. Legane er sjølvstendig næringsdrivande, og du kan bli tilplikta kommunale oppgåver inntil 7,5 timar/veke etter nærare avtale. Vi er i dag sju fastlegar og ein turnuslege. Det er i tillegg planar om etablering av nye heimlar. Omlag 6900 pasientar har fastlege hos oss. Journalsystemet er Infodoc, og vi bruker ordninga "Time same dag".
Legevakt er lokalisert på Notodden interkommunale legevakt, og våre legar har vakter ved legevaktsentralen på Notodden. Kvar lege har om lag 2 legevakter pr. månad.
 
Krav til utdanning/ønskja kvalifikasjonar
Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon og kjennskap til norsk helsevesen. Primært søker vi spesialist i
allmennmedisin, eller lege som er i gang med spesialisering i allmennmedisin. Det leggast til rette for utdanning og veiledning, og det er aktuelt å gje stimuleringstilskot i spesialiseringsløpet.
God evne til bruk av norsk skriftleg og munnleg.
Erfaring frå kommunehelsetenesten og fastlegeordninga er ein fordel. 
Ved tildeling av heimel vil det leggast vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode
samarbeidsevner.
Søkjarane må ha førerkort kl B, og kunne stille bil til disposisjon.
 
Særskilt for stillinga
I tråd med Helsepersonelloven vil det bli krevd politiattest.
Lønn for kommunale oppgåver og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
 
Offentleggjering
Iflg. Offentlighetslova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjar oppmerksam på at opplysningar om søkjarane kan bli
offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheita. Midt-Telemark kommune vil varsle søkjarar som
har bedt om unnatakelse frå offentlegheit hvis dette ønskjet ikkje kan imøtekomast.
 
Anna
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet
 
Søknaden sendast
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling". Har du utfordringar med dette, skal du bare kontakte kommunen pr. telefon eller epost.
 
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med
kvittering om at søknaden er mottatt.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Midt-Telemark kommune
Kontaktpersoner
Navn: Jørund Verpe
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 906 35 444
Navn: Ruth Hogstad Erikstein
Tittel: Fastlege og tillitsvald
Telefon: 959 46 207
Navn: Irene Holte Skugstad
Tittel: Fastlege og styreleiar
Telefon: 928 43 275
Navn: Kristin Sekse
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 976 99 207
Arbeidssted
Bø legesenter
Hellandvegen 12
3800 BØ I TELEMARK