Kort om arbeidsgiver
Kvam herad har ledig heimel for fastlege ved Helsebanken legekontor. Legekontoret er lokalisert i Øystese og flytta til nye lokale i Hardangerbadet i 2020. Ved legekontoret arbeider 6 fastlegar, 1 sjukepleiar og 3 helsesekretærar. Ledig pasientliste har eit listetak på 900 pasientar. I samme bygg finn ein helsestasjon, fysikalsk institutt, tannlege, apotek og Helse i Hardanger.

Kommunen har ei stabil og god legeteneste og har hatt dette gjennom mange år. Fastlegane er sentrale i kommunen si helseteneste, og det er god samhandling med dei andre faggruppene. Kommunen har 10 fastlegar ved 2 legesentra sentralt i kommunen i Norheimsund og Øystese. I tillegg kjem to kommunalt drivne utekontor i Ålvik og Strandebarm.

Fastlegane deltek i kommunal legevaktsordning og i interkommunal legevakt på Voss etter oppsett plan. Det er for tida ikkje knytt kommunale oppgåver til heimelen ut over legevaktsarbeid.

I Kvam herad ynskjer me å strekkja oss langt for deg som ny heimelshavar, anten du er i oppstart av spesialisering som allmennlege eller ferdig spesialist. Me har politisk vedtak på at kommunen overtar opparbeidd praksis frå avtroppande fastlege i næringsdrift. Me er innstilte på å leggja til rette for den driftsforma ny fastlege ynskjer, anten som næringsdrivande eller kommunalt tilsett. ALIS vil få tildelt rettleiar, og me vil saman utarbeida og fylgja opp utdanningsplanen din. Rettleiing og supervisjon vil skje ved Helsebanken legekontor.For næringsdrivande ALIS tilbyr me utgiftsdekning på inntil kr 300.000 årlig i spesialiseringsløpet til m.a. praksiskompensasjon ved fråvær til kurs, ekstra rettleiing og supervisjon, og andre utgifter knytt til spesialiseringa. 

Kvam herad har som målsetting at du som fastlege skal ha trygge arbeidsvilkår både økonomisk, fagleg og kollegialt.
Me ynskjer deg velkomen som søkjar til stillinga og kan tilby ein arbeidsplass i nye og moderne lokale med erfarne og dyktige kollegaer. 

Arbeidsoppgåver
  • Kurativt legearbeid i kommunen si fastlegeordning
  • Legevakt ved kommunal og interkommunal legevakt
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege og gjennomført turnusteneste
  • Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt spesialisering
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Det vert lagt vekt på fagleg engasjement innan allmennmedisin
  • Tilsett lege må kunna ta del i interkommunal og kommunal legevakt 
  • Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tildelt heimelen må difor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal du ikkje leggja ved søknaden.
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeid- og kommunikasjonsevne
  • Kunne arbeida strukturert, effektivt og sjølvstendig
  • Ha god formidlingsevne
  • Fleksibel og positiv innstilling
Vi tilbyr
  • Fastlegepraksisen er veldriven og godt innarbeidd i trivelege og moderne lokale
  • Tildeling skjer etter fastlegeforskrifta og sentrale avtalar mellom KS og Legeforeningen. Legepraksisen skal drivast i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, fastlegeforskrifta og andre relevante helselover. Fastlegen skal følgja dei vilkåra som går fram av sentrale avtalar i fastlegeordninga, føringar frå HELFO og lokale føringar av kommunen.

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvam herad
Kontaktpersoner
Navn: Jon Sivert Sandven
Tittel: Fastlege
Telefon: 95066783
E-post: jon.sivert.sandven@kvamnet.no
Navn: Dag Erlend Skjelbreid
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 991 08 543
E-post: dask@kvam.kommune.no
Arbeidssted
Hardangerfjordvegen 615
5610 ØYSTESE