Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli med på laget vårt?

Medisinsk avdeling ved Kristiansund sjukehus styrkjer legestaben, og har ledige stillingar for overlegar/ spesialistar innan indremedisin, hjarte- og lungesjukdomar.

Avdelinga er eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legane har ansvar for pasientar innan alle dei medisinske fagområda på vakt, og har poliklinisk verksemd innan i hjarte, lunge, fordøyelse, medisinsk kreftbehandling og hematologi, geriatri/ hjerneslag, nyresjukdomar og diabetes. Avdelinga har òg ansvar for overvakingsenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak.

Det er 13 overlegar knytta til avdelinga og ein robust 11-delt bakvakt. Nytilsette vil kome i tillegg til dette. Avdelinga har i dag  9 LIS 2/3 og 9 LIS1.  Vi opplever aukande poliklinisk aktivitet, aukande antall innleggingar og stadig fleire multisjuke pasientar som trenger omfattande utgreiing og behandling. Derfor ønskjer vi å styrkje spesialistbemanninga innan hjarte- og lungesjukdomar, samt at vi opner for å tilsetje ein generell indremedisinar som vil kunne få eit særskilt ansvar for intensivpasientar. Vi tek gjerne imot søknadar frå legar på slutten av spesialistutdanninga.

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Visitt sengepost
  • Visitt intensiv
  • Poliklinikk
  • Vakt (heimevakt)
  • Internundervisning
  • Rettleiing av LIS

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Relevant spesialistutdanning 
  • Ha erfaring frå sengepost og poliklinisk arbeid, og må kunne delta i vaktordninga
  • Må kunne vere rettleiar for legar i spesialisering (LIS)
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring og interesse for aktuelle fagområde

Personlege eigenskapar

  • Du trivast med tverrfagleg arbeid
  • Du har gode samarbeidsevner og er ydmyk og reflektert i samarbeid med andre
  • Du arbeider sjølvstendig og klarer å ta eigne avgjerder
  • Du må kunne kommunisere godt på både norsk munnleg og skriftleg

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Åge Austheim
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Age.Austheim@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei
6508 Kristiansund