Kort om arbeidsgiver
Haugesund Sjukehus har bygd ny syd-vest blokk. Ein viktig del av dette er heilt nye lokale for Mottaksavdelinga og dette innebærer ei stor omlegging av drifta. Det er mellom anna satsa på overlegekompetanse i akuttmottak, samarbeid somatikk og psykisk helsevern, samhandling med førstelinjetenesta og betre og raskare pasientforløp. Mottaksavdelinga mottar om lag 1500-2000 pasientar per månad. Ein stor andel av pasientane er pasientar som har skada seg og som skal ha ei poliklinisk vurdering, og det er også ønskje om at flest mogleg andre pasientforløp kan polikliniserast.
 
For å betre overlegekompetansen i akuttmottak har ein tilsett 1,5 årsverk som somatisk overlege i Mottaksavdelinga. Det er no ledig ei 50% stilling. Stillingen er ledig per no, seinare tilsetjing kan vere aktuelt. Primært ville ein ønske spesialistar i akutt- og mottaksmedisin, men alle legar med interesse for arbeid i mottaksavdeling kan søkje. Aktuelle søkjarar vil bli vurdert med tanke på å tilføre brei og relevant kompetansemix inn i avdelinga. Det vil vere ønskeleg at tilsette overlegar anten vil vere spesialist eller i løpet av få år vil kunne bli godkjende spesialistar i akutt- og mottaksmedisin. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til supervisjon og assistanse av avdelingane sine vaktlag, triagering av pasientar saman med sjukepleierane, augeblikkeleg hjelp poliklinikk, samhandling med førstelinjetenesta, opplæring og simuleringsøvingar for legar og sjukepleiarar i mottaksavdelinga og å bidra i fagleg vidareutvikling i mottaksavdelinga. Stillingane vil vere fagleg svært spennande og innebere stor grad av samarbeid med alle avdelingar i sjukehuset. Det er etablerte team for medisinsk akutt team, slagalarm, traumealarm, barnealarm og hjartestans. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer overlege som er godkjend spesialist i akutt- og mottaksmedisin eller annen relevant spesialitet.
    Legar som er i utdanning og kan få slik spesialistgodkjenning innan 1-3 år er velkomne til å søkje. 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein overlege som ønsker å vere med på å vidareutvikle Mottaksavdelinga i nytt sjukehusbygg.
    Ein må ønske å arbeida tett på pasientane og samtidig ha ei koordinerande rolle i akuttmottaket.
    Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt og personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
    Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå. 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktperson
Navn: Annelin Voraa Steinsnes
Tittel: Avdelingsleder Mottaksavdeling
Telefon: 91191012
E-post: annelin.voraa.steinsnes@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Mottaksavdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 Haugesund