Kort om arbeidsgiver

Ønsker du å jobbe på den medisinske seksjonen i Norge med den beste utsikta, dei beste kollegaene og med drøssevis av fritidsmoglegheiter, i
Norges vakreste fylke?

Medisinske legar Molde har ledig eit vikariat for Lege i spesialisering med utdanningsløp
innan indremedisin frå snarast!

Vi er ein seksjon i vekst og utvikling, difor treng vi fleire kollegaer.
Medisinske legar Molde er ein veldifferensiert seksjon som er godkjent for
utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin,
fordøyelsessjukdom, hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin. Det er
moglegheit for vidare LIS3 utdanning innan samtlige av disse felta hos oss.
Vi er ein hyggeleg og inkluderande medisinsk seksjon. Sjukehuset er av perfekt
størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men
stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Seksjonen satsar
på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskingsaktivitet, utvikling og godt
arbeidsmiljø. Vi har blant anna internundervisning med høg kvalitet, eit av
landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt, tidleg og
god opplæring i bruk av handholdt ultralyd. Vi har penicillinallergipoliklinikk
som har fått nasjonal oppmerksomheit, og eit antibiotikateam som stadig
utviklar og forbedrar arbeidet vårt. Vi har eit tett og godt samarbeid med
andre seksjonar på huset, fredags-sjokoladeprisar, god humor, spreke kollegaer,
og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal(SNR) i utvikling og snart byggefase å
sjå fram til.

3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 til stade heile døgnet.
Overlege i bakvakt som er heime på natt. 10-12-delt vaktordning for LIS2/3. Det
er sett av tid i plan til rettleiing og fordjuping.
Vikariatet si varigheit er 15.10.21 - 01.09.22, med moglegheit for forlenging. Oppstartstidspunkt kan diskuterast.

Har du lyst til å bli ein skikkeleg god indremedisinar, og samtidig ha det trivelig
og moro både på jobb og fritid? Da bør du søkje hos oss!

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er
barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire
daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med
m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning. Her får du mykje ansvar, men i trygge rammar.
  • Du vil få rask opplæring i bruk av håndholdt ultralyd og i akuttprosedyrar.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Du vil få moglegheit til å rettleie og supervisere LIS1.
  • Ut ifra eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogleg for personleg fagleg utvikling, og det er store moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Meistre norsk språk, skriftleg og muntleg tilfredsstillande
  • Erfaring fra relevant stilling blir vektlagt
  • Utdanningsretning innan indremedisin er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Positiv
  • God til å samarbeide
  • Evne til å kommunisere og jobbe tverrfagleg
  • Du må vere glad i høgt tempo og varierte oppgåver
  • Ein god kollega
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein inkluderande og triveleg arbeidskvardag
  • Eit sosialt og fagleg sterkt kollegium
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Moglegheiter for stor grad av fagleg utvikling
  • Norges finaste sjukehusutsikt
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE