I Stryn kommune vil vi strekke oss langt for å ha dyktige legar i framtida. Vi innser at fastlegane har ein krevjande arbeidskvardag og tilbyr difor gode vilkår med avgrensa tal pasientar på liste, fastløn og ordna arbeidstid. I tillegg til fastløn vil refusjonar og eigenandelar delvis bli utbetalt til lege.  

Stryn legekontor held til i nye lokalar og har eit godt utstyrt laboratorium, skadestove og møterom. Det er tilsett helsesekretærar og sjukepleiar. Legekontoret har daglegevakt med uniformert legevaktbil som blir brukt ved utrykking. Legekontoret bruker Infodoc plenario som journalsystem i dag. 

Utanfor legekontoret er det vakker natur, inst i Nordfjorden ved foten av Jostedalsbreen. Her kan du vere aktiv i naturen heile året, og bu der turistane strøymer til om sommaren. 

Vi ynskjer positive og engasjerte allmennmedisinarar med oss på laget. Både erfarne spesialistar og dei som nyleg har gjennomførd LIS1 og er i gang med spesialiseringa.

Kvalifikasjoner:
- Lege med godkjent norsk autorisasjon
- Lege er under spesialisering (LIS3) eller er spesialist i allmennmedisin
- Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt
- Førarkort klassa B
Arbeidsoppgaver og ansvar:
- Drift eiga pasientliste 
- Delta i interkommunal legevakt lokalisert på Nordfjordeid (Stad kommune)
- Delta i rulleringsordning på daglegevakt (mandag til fredag, 0800 – 1600)
- Delta i kollegial fraværsordning 
- Kommunale legeoppgåver etter avtale (tilsynslege, helsestasjonslege, LIS1/LIS3 rettleiing).

Personlige egenskaper:
- Det blir lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, personleg egnethet og engasjement
- Vi ønsker legar som har gode relasjonar til pasientar, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Du tek initiativ og ser etter løysingar der andre ser problem.

Vi kan tilby:
- God fastlønn med andel i refusjonsordning 
- God kompensasjonsordning for kommunalt arbeid (daglegevakt, tilsynslege, helsestasjonslege med meir) 
- Tilrettelegging for rettleiing
- Om ynskjeleg, ein dag til administrasjonsoppgåver pr. veke
- Hjelp med å finna bustad for tilflyttarar

Søknadsfrist: 15.10.2021
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Stryn kommune
Kontaktpersoner
Navn: Alexander Rande
Tittel: Einingsleiar
Telefon: 970 40 762
Navn: Heidi Vederhus
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: 41922889
Navn: Marius Solbakken
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 992 83 505
Arbeidssted
Stryn legekontor
Setrevegen 4
6783 STRYN
Mer om arbeidsgiver

Velkomen som jobbsøkjar til Stryn kommune! Stryn har mykje å by deg som ønskjer å bu i indre Nordfjo...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image