Kort om arbeidsgiver
Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat i 100 % stilling for Lege i spesialisering (LIS) i arbeidsmedisin for eitt år med tiltredelse 3. januar 2022. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for helseregion III (Rogaland og Vestland). Avdelinga er organisert i seksjonene Arbeidsmedisinsk poliklinikk (AMP), Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet, Seksjon for hyperbarmedisin med hyperbar oksygenbehandling og dykkelegevakt, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin med Radio medico, sjukepleieseksjon og merkantil seksjon, samt ein stab hos klinikkdirektør med biostatistikar og forskingsleiar.

Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester: elektiv hyperbar oksygenbehandling, utgreiing av yrkesrelaterte dykkerskader og spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma.

Den ledige stillinga blir knytt til AMP med Endre Sundal som seksjonsleiar. Det er tre stillingar for legar i spesialisering i arbeidsmedisin ved seksjonen. Den faste staben ved AMP er breitt fagleg samansett med overlegar (arbeidsmedisin, lungemedisin, dermatologi og nevrologi), yrkeshygienikarar og nevrospykolog. I tillegg samarbeidar ein med sjukepleiarar, kontortilsette, legespesialistar ved dei andre seksjonane, samt avdelinga sin biostatistikar og forskingsleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inngår i klinisk aktivitet og LIS vil også kunne delta i førebyggjande arbeid og avdelinga sine forskingsprosjekt
  • Poliklinikk, arbeidsmiljøundersøkingar, tverrfaglege forskingsprosjekt og undervising er difor prioriterte oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i arbeidsmedisin
  • Det blir lagt vekt på erfaring som bedriftslege og anna relevant klinisk erfaring
  • Det blir lagt vekt på relevant forskingserfaring, PhD
  • Må meistre norsk, både skrifleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
  • Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Den som blir tilsett i LIS stillinga, vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelingas regulære utdanningsprogram
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Marit Grønning
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55973875
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen