Kort om arbeidsgiver
Hareid kommune har seks heile legestillingar/legeheimlar, der fire er sjølvstendig næringsdrivande. Vi har også LIS1 lege. Kommunen er medeigar i Hareid legesenter AS, og det er inngått avtalar med gode økonomiske vilkår. Hareid legesenter er lokalisert i vårt nye helsehus som er sentralt plassert i bygda. Der finn du også helsestasjon, NAV, fylkestannlege og bibliotek. 

Vi har ledig ei heil stilling som fastlege. Pasientlista har for tida eit listetak på 600, med høve til individuell tilpassing. Det er aktuelt å kombinere denne med kommunale oppgåver, som 50 prosent stilling som kommuneoverlege eller sjukeheimslege. Det er også mogleg å sette saman ei heil stilling som kommuneoverlege og sjukeheimslege.
 
Som fastlege får du løn etter nærare avtale. Aktuelle alternativ kan vere kommunal tilsetting med fastløn, fastløn pluss ein avtalt del av takstinntekter.  Det er også mogleg å vere privat næringsdrivande utan at du må kjøpe praksisen. Hareid kommune eig to av seks legepraksisar. Rekrutteringstilskotet er 5000 kroner per månad i inntil 2 år, eller til spesialitet er godkjend/normert tid. Leigekostnaden i Hareid legesenter er også 5000 kroner per månad, og til saman utgjer desse to elementa ein "nullavtale".  
Kommuneoverlege og sjukeheimslege er tilsette i kommunen med fastløn, og får løn etter avtale. 

ANVAR OG OPPGÅVER
FASTLEGE:
Kurativ praksis og kommunale oppgåver. Fordeling av kommunale oppgåver mellom dei seks legane vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde. Saman med Ulstein kommune har vi per d.d 14-delt interkommunal legevakt med hjelpepersonell på ettermiddag, kveld og helg. Det er interkommunal 35-delt nattlegevakt i lag med kommunane Hareid, Ørsta, Volda, Herøy og Sande. 

Du må fylle kompetansekrava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesta
KOMMUNEOVERLEGE:
Du vil kunne påverke innhaldet i stillinga i stor grad. Følgjande oppgåver vil vere sentrale:
  • Samfunnsmedisinske oppgåver
  • Medisinskfagleg rådgjeving og rettleiing
  • Bidra aktivt i utviklings- og planarbeidet i kommunen
  • Bidra aktivt i folkehelsearbeid tverrsektorielt
  • Undervising og rettleiing
  • Medisinskfagleg samarbeid/samhandling med våre samarbeidskommunar og andre eksterne aktørar
Stillinga inngår i kriseleiinga i kommunen. Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. 

KVALIFIKASJONAR:
  • Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon. Fortrinnsvis ser vi etter deg som er spesialist i samfunns-/allmennmedisin, har anna spesialisering med relevant erfaring eller er lege i spesialisering samfunns-/allmennmedisin. 
  • Godkjend politiattest av ny dato
PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • God arbeidskapasitet og fleksibilitet
VI TILBYR:
  • Interessante oppgåver
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer
  • Løn og arbeidvilkår etter nærare avtale
  • Tilrettelegging for spesialisering
  • Rettleiing
  • Hjelp til å skaffe bustad
  •  
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og avtaleverk. 

Som søkjar kan du be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette i søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet skal offentleggjerast. Du blir varsla dersom ønskjet om unntak ikkje blir tatt til følgje.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Hareid kommune
Kontaktpersoner
Navn: Nils-Arne Skagøy
Tittel: Rådgjevar
Telefon: 97 96 47 07
Navn: Trude Kristin Dalen
Tittel: Personalleiar
Telefon: 90 64 99 44
Arbeidssted
Kjøpmannsgata 16
6060 HAREID