Kort om arbeidsgiver

Helse Møre og Romsdal HF - KLinikk for diagnostikk - Avdeling for radiologi Ålesund og Volda.

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda - Ålesund, er ei vel differensiert avdeling med 2 MR, 2 CT, 3 ultralyd, konvensjonell radiologi inkl. intervensjonsradiologi og mammadiagnostikk. Både avdelinga, og sjukehuset ellers, har eit inkluderande og aktivt LIS-miljø

Avdelinga har ledig vikariat for lege i spesialisering frå 01.10.2021 - 31.08.2022, med høve til forlenging - Arbeidstad Ålesund.

Attesterte tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må skannast som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • 8-delt tilstadesvakt, med overlege i bakvakt.
  • Den som blir tilsett skal følgje program for å oppnå læringsmål som fører fram til spesialisering i radiologi.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning.
  • Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling og forskningskompetanse vil bli vektlagt
  • Gode norskkunnskapar, for muntleg og skriftleg kommunikasjon.

Personlege eigenskapar

  • Vere arbeids- og lærevillig
  • Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Kunne trivast med teamarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Og på fritida:
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund, med den vakre Jugendstilarkitekturen er vidt kjent.  Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som tekne ut av eit eventyr. Byen, og distriktet rundt, kan tilby eit rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Området har også eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om regionen vår her: https://no.visitalesund.com/

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Solveig Roth Hoff
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 91130059
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund