Kort om arbeidsgiver

Ved DPS Kristiansund er det no 3 ledige stillingar for lege i spesialisering (LIS) i psykiatri.

Stilling 1: Fast med oppstart 03.01.22. Arbeidsstad DPS Kristiansund døgnseksjon.

Stilling 2: 1-års vikariat frå 01.11.21. Arbeidstad DPS Kristiansund poliklinikk. Oppstartsdato kan vere noko fleksibel.

Stilling 3: Vikariat 01.03.22-31.08.23. Oppstart i utgangspunktet ved DPS døgnseksjon, men ved intern rotasjon kan dette endrast. 

DPS Kristiansund har samarbeid med de psykiatriske seksjonane ved Molde sjukehus om ei rotasjonsordning for LIS. Gjennom dette kan LIS i Kristiansund få oppfylt alle nødvendige læringsmål og erfaringsområder nødvendig for spesialiteten psykiatri. Det er ingen vaktordning for LIS i Kristiansund, men det må påreknast vaktarbeid under teneste ved seksjonar i Molde. Det er fokus på å gi LIS ei god spesialistutdanning med klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking  på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

Vi ber om at du opplyser i søknaden om kva stilling du søker på.

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autoriasjon
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du har stor evne til å kunne arbeide tverrfagleg
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
    Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Geir Magne Nødtvedt
Tittel: Overlege psykiatri
Telefon: 907 00 202
E-post: Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Hagan 9
6516 Kristiansund
Søk på stillingen