Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruspost med opptaksområde for Helse Vest. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.

Mars 2021 har vi flytta inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP.  Med nærleik til Førde sentralsjukehus, sengepost ungdom (UPH) og Førde BUP, vil det vere mogleg å få all teneste som er nødvendig for å bli spesialist utan å flytte frå Førde.

Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingssystem er utvikla ved vår avdeling.

    Arbeidsoppgåver

    • Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar
    • Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga
    • Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
    • Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som lege
    • Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
    • Søkjar må ha førerkort i klasse B
    • Ferdig med LIS1 teneste. Søkjar utan godkjent LIS1 teneste, men med relevant praksis kan vurderast til vikariat

    Personlege eigenskapar

    • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
    • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
    • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar

    Vi tilbyr

    • Høgt fagleg nivå
    • Fagleg og personleg utvikling
    • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

     

    Mangfoldserklæring
    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Utdanningsretning

    • Medisin

    Utdanningsnivå

    • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

    Språk

    • Norsk
    Stillingskategori
    Lege i spesialisering
    Arbeidsgiver
    Helse Førde HF
    Kontaktpersoner
    Navn: Sigmund Erling Bjørhovde
    Tittel: Seksjonsleiar legar
    Telefon: (+47) 900 37 348
    Navn: Svein Ove Alisøy
    Tittel: Avdelingssjef
    Telefon: (+47) 918 16 510
    Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
    Hjemmeside
    Arbeidssted
    Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde
    Søk på stillingen