Kort om arbeidsgiver
Me har ledig
Årdal kommune kan tilby fastlønstillingar som alternativ til næringsdrift. Oppstartsdato etter avtale.
 
Stillingane er knytt til Årdal legekontor som i dag har sju fastlegeheimlar og tilknytt LIS1 kandidat. Tre fastlegar er
fastløna medan dei andre driv privatpraksis. Alle er lokalisert ved Årdal legekontor. Legekontoret er godt bemanna med
to bioingeniørar, to helsesekretærar og tre sjukepleiarar. Legekontoret nyttar pasientjournalsystemet CGM, WinMed3.
 
* Listetak vil være omlag 900 for heimlane. Dette kan endrast etter avtale.
* Det er knytta allmennmedisinske offentlege oppgåver til begge heimlane, omlag 20 % stilling.
* Deltaking i 7-delt daglegvakt på kontoret i Årdal.
* Deltaking i interkommunalt 12-delt tilstadelegevakt for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Samlokalisert med
legevaktsentral og KAD på Lærdal sjukehus.
 
Kvalifikasjonskrav
* Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
* Gjennomført norsk turnusteneste
* Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
* Førarkort for bil
* Godkjend politiattest
 
Kvinner vert særleg oppmoda om å søkja.
 
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale ved tilsetjing i fastløna stilling.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
 
Me tilbyr
* Ein gjensidig forpliktande utdanningsplan mot spesialisering i Allemnnmedisin
* Hjelp til å skaffe bustad, arbeid til sambuar/ektefelle, barnehageplass
* Avtalepraksis eller fastløna stilling etter ynskje/avtale
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
 
 Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord".
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlogging
tek du kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
 
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ynskjer namnet ditt unnateke frå offentlegheit, må det
grunngjevast. Det vert da gjort ei vurdering.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Årdal kommune
Kontaktpersoner
Navn: Rigmor Svanberg
Tittel: tenesteleiar helse
Telefon: 94824046
E-post: rigmor.svanberg@ardal.kommune.no
Navn: Frode Myklebust
Tittel: kommuneoverlege
Telefon: 91517550
E-post: frode.myklebust@laerdal.kommune.no
Arbeidssted
,
6885 ÅRDALSTANGEN
Søk på stillingen