Kort om arbeidsgiver

Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund er plassert i Klinikk for Diagnostikk. Nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal, SNR, er planlagt åpna i 2025.
Molde sjukehus har eit inkluderande og aktivt LiS-miljø, både i avdeling og ellers i sjukehuset.
Radiologisk avdeling har eit utstrekt samarbeid med kliniske avdelingar. Til saman utfører avdelinga rundt 100 000 undersøkingar kvart år, fordelt på alle modaliteter.
Avdelinga har samarbeid med St. Olavs hospital om gjennomføring av deler av spesialistutdanning.

Avdelinga har ledig vikariat for lege i spesialisering for perioden 01.11. 2021 - 31.10.2022.

Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og også eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. 
Byen er barnevenleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og også internasjonale ruter. Molde by fornyar seg mellom anna med ny sjøfront, og fleire spennande kafear og restaurantar  Sjå litt av det byen kan by på her: https://www.visitnorthwest.no/molde/

Attestar/tenestebvis frå tidlegare arbeidsforhold må skannast inn som vedlegg til søknad/CV

Arbeidsoppgåver

  • Som LIS i radiologi i Molde vil du få arbeide med eit breitt utvalg av radiologiske undersøkingar.
  • Som fersk LIS er arbeidsoppgåvene først og fremst innan CT, ultralyd og konvensjonell røntgen, etter kvart intervensjon av ulik art, og også MR.
  • Avdelinga dekkjer Molde og Kristiansund, med tilstadesvakt i Molde.Det kan leggast til rette for noko arbeidstid i Kristiansund.

Kvalifikasjonar

  • Tidligare erfaring frå radiologi kan gi fortrinn ved tilsetting
  • Du bør ha gjennomført norsk LIS1, eller godkjent turnusteneste etter gammal ordning
  • Du må mestre norsk, eller eit anna skandinavisk språk, muntleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Som LIS i radiologi bør du ha god klinisk forståing og ha god evne til samarbeid
  • Vi har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, radiografar og andre faggrupper. 
  • Ein bør vere lærevilleg og fagleg interessert. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Martin Grotnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71122395
Navn: Odd Arne Haram
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 71122436
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologi Molde og Kristiansund-legar, Helse Møre og Romsdal HF
Bjørnstjerne Bjørnsons veg