Kort om arbeidsgiver

Akutteininga og poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet ved poliklinikken er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team.
I tillegg har vi eit småbarnsteam, eit akutt-ambulant team og eit spesialisert OCD-og angstbehandlingsteam som mellom anna tilbyr behandling etter 4-dagar formatet. Vi har eit tett samarbeid med førstelinjetenesta.

Poliklinikk BUP Ålesund har ledig fast stilling for lege i spesialisering frå 01.10.2021, eller etter nærare avtale med seksjonsleiar 

Tilsettinga vil kunne føre til godkjent og teljande teneste i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri.
Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsvilkåra. Legen vil kunne delta i lokal og regional LIS-utdanning.

*Attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold og ev. andre relevante dokument må skannast som vedlegg til søknad/CV
*Ved ev. intern tilsetting kan vikariat for LIS bli ledig.

Arbeidsoppgåver

  • Vi utgreier og behandlar barn og ungdom med psykiske lidingar i aldersgruppe 0-18 år. 
  • Legen vil vere tilknytta i eit generalistteam (allmennpsykiatrisk team) for barn/unge i skulealder, og vil ta del i alle delar av behandlingsløpet til pasientane
  • Vegleiing til samarbeidsinstansar
  • Tilsettinga kan innebere deltaking i avdelinga si eksisterande vaktordning 

Kvalifikasjonar

  • Vi ønsker oss legar med erfaring frå psykisk helsevern innan spesialisthelsetenesta
  • Den som vert tilsett må mestre norsk språk, muntleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Har gode evner og vilje til samarbeid og fleksibilitet, du må vere omgjengeleg
  • Er interessert i fagutvikling 
  • Har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Inger Ann Berge
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70167200
E-post: inger.ann.berge@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund
Søk på stillingen