Kort om arbeidsgiver

Radiologisk avdeling, seksjon Førde har ledige stillingar for LIS3 radiologi: 

Vi har ledig 2 faste stillingar ved avdelinga som LIS. 

Radiologisk avdeling har tre seksjonar: Førde, Lærdal og Eid.

Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning/angio og mammografi knytt til BDS (Brystdiagnostisk senter). Vi gjennomfører om lag 70000 undersøkingar og behandlingar årleg. Avdelinga har 70 tilsette, og av desse er 20 legar. 
LIS inngår i 6-delt vakt med overlege i bakvakt. Arbeidsplan har avspaseringsveke kvar 6. veke.

Knytt til utdanninga er det samarbeid mellom sjukehusa i Helse Vest, slik at ein gjennom tenestetid i Helse Bergen vil oppnå alle læringsmål. Nytilsette, utan tidlegare erfaring frå radiologi, vil gå gjennom introduksjonsperiode der det er tett oppfølging frå overlegar. Her kan du sjå ein av våre flinke LIS fortelje litt om kvifor ho valde nettopp radiologi: https://yngreleger.no/artikkel/min-spesialitet-radiologi

Føretaket vil tilsetje dei best kvalifiserte søkjarane, og har eit mål om langsiktig rekruttering.
Tilsetting snarast /etter nærare avtale. 

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk og pasientbehandling
  • Generell radiologi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, ønskjeleg med godkjend gjennomført turnusteneste (LIS1)
  • Stillingane fordrar gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Sjølvstendig
  • Engasjert
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Rekrutteringstillegg
  • Hjelp med bustad
  • Godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus
  • IA- bedrift (inkluderande arbeidsliv

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.   

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktpersoner
Navn: Børge Stavland
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 39 393
Navn: Torbjørn Sygna
Tittel: Overlege
Telefon: (+47) 578 39 878
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen