Kort om arbeidsgiver

Kirurgiske legar Molde har ledig to vikariat for LIS med utdanningsløp innan kirurgi frå snarast tom. 01.06.22 . Det kan bli moglegheit for forlenging!

Som LIS hos oss blir du ein del av ein triveleg LIS-gjeng med 8-delt tilstadesvakt med turnuslege foran og overlege med heimevakt. Molde sjukehus har traumefunksjon, og du blir undersøkande lege i eit tverrfagleg traumeteam. Vi er ei veldifferensiert avdeling, og har både gastrokirurgi, urologi, plastikkirurgi og ein del brystkirurgi. Det er stort fokus på fagleg utvikling, og det blir tilrettelagt for å reise på kurs og få gjennomført alle studiedagar. Størrelsesmessig er sjukehuset optimalt, stort nok til at du får vere med på eit vidt spekter med operasjonar, og lite nok til at det er oversiktleg . Vi har eit godt arbeidsmiljø på tvers av seksjonane/avdelingane.
Om få år flyttar vi inn i eit nytt sjukehus (SNR), så derfor utvidar vi kollegiet allereie no.

Molde ligg midt i smørøyet for toppturar på ski og til fots, klatring, båtliv og festivalsommar med Moldejazzen som høgdepunkt.

Les meir om Molde og Romsdalen her.

Hvis dette høyrast interessant ut, er du velkomen til å søkje på stillinga!
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved poliklinikk, skiftestue og sengepost
  • Operasjon
  • Delta i seksjonen si vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode norskkunnskaper både skriftlig og muntlig

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsvilleg
  • Sjølvstendig
  • Personleg eignaheit

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Bjørnar Solevåg
Tittel: Konst. seksjonsleiar
E-post: Per.Bjornar.Solevag@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde