Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig to 100% LIS3 vikariat for lege i spesialisering i medisinsk genetikk med varigheit i eitt år. 

Avdeling for medisinsk genetikk er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken og skal dekkje behovet for medisinsk-genetiske tenester i Helse Vest, som har eit befolkningsgrunnlag på over ein million. Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for utgreiing, diagnostisering og oppfølging av pasientar og deira familiar ved påvist eller mistanke om arveleg sjukdom. 

Fagområdet medisinsk genetikk er i rask endring på grunn av ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve. Alle medisinske spesialitetar inkluderer tilstandar som heilt eller delvis har genetisk årsak, og vi forventar at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet skal få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. 

Avdelinga er organisert i seksjonar for klinisk genetikk, laboratoriediagnostikk, og merkantile tenester. I tillegg er Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft tilknytt avdelinga. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid mellom seksjonane og med andre avdelingar i Helse Bergen, andre helseføretak i Helse Vest, og Universitetet i Bergen.
Avdeling for medisinsk genetikk har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn og vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etg. i Laboratoriebygget. Medisinsk-genetisk poliklinikk er lokalisert i 2. etg. i same bygg.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil ha hovudvekt på poliklinikk, i byrjinga hyppige genetiske tilstandar (arveleg kreft og arveleg hjartesjukdom), og etter kvart meir generell genetikk, prenatal diagnostikk og enkelte syndromsaker
  • Storparten av den polikliniske verksemda går føre seg ved avdelinga, men vi har også regelmessige poliklinikkdagar ved andre helseføretak og institusjonar innanfor eigen helseregion
  • Avdelinga deltar på fleire samarbeidspoliklinikkar ved sjukehuset og driv utstrekt konsulentverksemd
  • Undervising av anna helsepersonell, pasientar og pårørande utgjer også ein viktig del av verksemda vår

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i medisinsk genetikk
  • Søkjar må ha yrkeserfaring frå medisinsk genetikk eller anna relevant legearbeid etter LIS1, eller relevant forskingserfaring 
  • Søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Gode IKT-kunnskapar og evne til å lære nye datasystem

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og stor interesse for medisinsk genetikk
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider målretta og strukturert, med respekt for tidsfristar
  • Du er innsatsvillig, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Du bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å ta sjølvstendige avgjersler
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Øyvind Thorgrimsen-Stensvold
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55975475
Navn: Gyri Aasland Gradek
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 55975475
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk genetikk/ MGM Seksjon for klinisk genetikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen