Kort om arbeidsgiver
 Vi har ledig 1 vikariat på grunn av intern rotasjon til sidepraksis som ledd i spesialiseringsløp av ein av våre LIS 3. Ved vikariatet er det ikkje et krav om gjennomført LIS 1.

BUP Haugesund gir tenester på spesialistnivå til barn og unge (0-18 år).
Opptaksområdet for poliklinikken dekkjer 10 kommunar (Karmøy, Haugesund,
Utsira, Sveio, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal). 
Vi har to poliklinikkar og ein døgneining. Døgnpostane har
akuttfunksjonar og dekkjer heile opptaksområdet til Helse Fonna. BUP Haugesund
har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar.

BUP Haugesund er godkjent som utdanningsinstitusjon innan barne- og
ungdomspsykiatri og har avtale med både vaksenprsykiatri og pediatri. Det vil
seie at du kan oppnå alle læringsmålene i henhold til ny LIS
3 ordning hos oss.
BUP Haugesund ligg i Haugesund sentrum. Ein by med over 40 000
innbyggjarar, internasjonal lufthavn, vakker natur og fleire store
kulturfestivalar. Nærregionen har rundt 180.000 innbygjarar. Norges
nest største by, Bergen, når du med bil eller offentleg transport på under 3
timar, medan Stavanger, Norges tredje største by, berre er 90
minuttar unna.
Vi er opptatt av barn og unges helseteneste. Sjå film om
prosjektet og bli litt betre kjent med oss: https://youtu.be/FKTrqoZHBxM  

 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
  • Delta i vaktordning for legar.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.

Kvalifikasjonar

  • Må ha dokumentert norsk autorisasjon
  • Må har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå BUP er ønskjeleg.

Personlege eigenskapar

  • Likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
  • Pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap.
  • Arbeide strukturert og sjølvstendig.
  • Kreativ, nytenkjande og fleksibel.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi tilbyr

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
  • Arbeid i tverrfaglege team.
  • Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
  • Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
  • Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
  • Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Georg Walter Reinhardt
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 52732850
Navn: Elisabeth Mattson
Tittel: LIS 3 , YLF tillitsvalgt
Telefon: 93216656
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
Vinjes gate 10
5522 Haugesund