Kort om arbeidsgiver
Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling. Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, vert det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeidd spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdomen, og redusere biverknadane. I 2024 vil avdelinga starte fleir-regional protonterapi saman med Oslo Universitetssjukehus.

Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er 26 LIS-legar og rundt 35 overlegar.

Vi har no ledig 2 faste overlegestillingar. Tiltreding den 01.11.2021, eller etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • I overlegestilling inngår pt 20-delt kombinert tilstadesvakt- og bakvakt frå heimen. Overlege vil få tildelt ansvarsområde etter kompetanse, interesse og avdelinga sitt behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjend spesialitet i onkologi eller mindre enn 6 månader til spesialitet
  • Det blir lagt vekt på vitskapeleg kompetanse
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Avdelinga byr på store faglege utfordringar og spennande forskingsprosjekt
  • Startdato etter nærare avtale

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Åsa Karlsdottir
Tittel: Ass. avdelingsoverlege
Telefon: 99037860
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen