Kort om arbeidsgiver

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ledig ei fast stilling som psykiater/ overlege i poliklinikk. Arbeidsstad vil vere Kanalveien 5. 

Avdeling for rusmedisin har om lag 570 medarbeidarar fordelt over fleire poliklinikkar og døgnseksjonar. Det vil i dei neste åra gå føre seg spennande utvikling knytt til differensiering av tenester og forsking.

Poliklinikken held til i moderne lokale i Kanalveien 5. I poliklinikken er det 42 tilsette og den tverrfaglege bemanninga består av lege, psykologar, sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiar og musikkterapeut. Det er to merkantilt tilsette i poliklinikken.

Poliklinikken er organisert i tverrfaglege team, inkludert eit veletablert MBT-team, og det er godt lagt til rette for samarbeid og drøftingar. I avdelinga er det faste fag- og forskingsdagar og avdelinga legg og til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.

Poliklinikken gjev tilbod til pasientar med rusmiddelproblem frå 15 år og oppover. Polikinikken har fast samarbeid med "Jobb Først"-konsulentar (IPS) som er knytt opp til AFR og til poliklinikken. 

Tiltredelse etter nærare avtale. 

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av rusavhengige, ofte ROP-tilstandar
  • Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
  • Deltaking i internt utviklingsarbeid og rettleiing er forventa

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykiater
  • Særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar som er nære ved å fullføre spesialisering kan óg søkje
  • Erfaring med arbeid innan rusbehandling og psykisk helsevern vil vere ein føremon
  • Erfaring med journalsystemet DIPS vil vere ein føremon

Personlege eigenskapar

  • Du er personleg eigna til stillinga
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er dyktig og engasjert
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har gode kommunkasjonsevner

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå og engasjement
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Faste legemøte
  • Gode velferdstilbod til dei tilsette
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Erlend Wittrup Djup
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 90027883
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin/ AFR Klinikken/ Poliklinikk kanalveien, Helse Bergen
Kanalveien 5
5068 Bergen