Kort om arbeidsgiver

Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.

Mot slutten av året planlegges gjenåpning av fødeavdelingen.

Vi søkjer etter 1 vaktkompetent barnelege, med oppstart snarast/etter avtale.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2024. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar/år.Ein del av SNR vil bli nytt Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Her vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.

Den som vert tilsett må rekne med endring i fast arbeidsstad ved innflytting i SNR, med moglegheit å arbeide enkelte dagar ved DMS. Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til framtidsplanar og utvikling. Du vil blii inkludert i eit godt arbeidsmiljø!

Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten.Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv!

Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe med bolig i ei overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule.

For meir informasjon om Kristiansund / Romsdal og Nordmøre viser vi til nettsida Visit Nordvestlandet

Arbeidsoppgåver

  • Generell pediatri i sengepost og poliklinikk, med vaktarbeid på sengepost

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
  • God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Den rette kandidaten må ha gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Vere sjølvstendig, fleksibel og ha evne til å kunne ta ansvar
  • Vere motivert for fagleg utvikling
  • At ein er personleg eigna til stillinga vil verte vektlagd

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Siv Helen Kristoffersen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71121558
E-post: Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
Navn: Bente Askestad
Tittel: Overlege/medisinfagleg ansvarleg
Telefon: 71121590
E-post: Bente.Askestad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen