Kort om arbeidsgiver
Voss Herad er takknemleg for vårt solide og stabile allmennlegekorps stt saman av 18 fastlegar og 2 LIS1-legar.
 
Ved Vangstunet legesenter er det frå 1.3.22  ledig ein fastlegeheimel på 1000 pasientar då eksisterande heimelshaver
av familiære årsaker planlegg å flytte nærare heimstaden. Heimelen vil ha pasientar i alle aldersgrupper, som er godt
vant med å bruke legetenestene på legekontoret. 
 
Anna overtakingsdato kan diskuterast med noverande heimelshaver. Om ynskjeleg er det mogeleg å utvida lista
ytterlegare
 
Heimelen er basert på næringsdrift. Ny heimelsinnehavar må verta einig om overtakingsvilkår med eksisterande
heimelsinnehavar. Praksisen vert vidareført i same lokale. Praksisen går inn i eit økonomisk og fagleg fellesskap og
ein set krav om at heimelshavar skriv ein internavtale med dei andre tre legene før ein byrjar i gruppepraksisen.
 
Dersom ny heimelsinnehaver ikkje er spesialist i allmennmedisin vil heradet kunne søkja om tilskot via ordningen
"ALIS Næringsdrivande" på vegne av heimelsinnehavar.
 
Voss herad legger mykje ressursar i å sikre god stedleg vegleing for våre spesialistkandidatar i allmennmedisin 

Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege
- Må vera spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
- Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein fordel.
 
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
 
Me tilbyr
Stabil og triveleg arbeidsplass med allsidige arbeidsoppgåver innanfor allmennmedisin i eit godt arbeidsmiljø med
moglegheit for god vegleiing og kollegial støtte. 
Listestorleik på 1000 pasientar med mogelegheit for å auke talet dersom ynskjeleg.
Kommunal deltidsstilling  inntil 7,5 timar pr. veke kan verta pålagt, men er ikkje planlagt pålagt ved oppstart i stillinga.
Som fastlege i Voss kommune vil du ha plikt til å delta i interkommunal legevakt. Den er lokalisert på Voss sjukehus.
Du må pårekna ca. 40 vakter på årsbasis på helg, kveld, natt og høgtider.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: Victoria Olsen
Tittel: Allmennlege
E-post: victoriacharlotteolsen@gmail.com
Arbeidssted
Vangstunet legesenter
Vangsgata 27
5700 VOSS