Kort om arbeidsgiver

Seksjon nevrologi og klinisk nevrofysiologi ved Molde sjukehus har behov for å styrke LIS-bemanninga med ein vaktkompetent lege i spesialisering!

Oppstart 10. oktober eller etter avtale. DU er velkomen som søkjar!

Seksjonen omfattar sengepost, dagbehandling og poliklinikk. Sengeposten har 16 senger fordelt på 10 nevrologiske og 6 slagpasientar, vi nyttar senger i felles intensiv-eining. I vaktordninga for LIS inngår frå hausten 10 LIS. Det er 6-delt vakt for overlegar. Vi har klinisk nevrofysiologisk laboratorium og spesialsjukepleiarar innan fleire deler av faget, samt tverrfagleg ryggpoliklinikk. Det føregår klinisk forskning innan fleire fagområde.

Molde byr på gode mogelegheiter for friluftsliv og kulturliv. Ved tilflytting kan sjukehuset sine utleige bustader like ved sjukehuset nyttast. Ta kontakt med oss ved spørsmål knytt til aktivitetar på avdelinga eller forhold rundt.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.

Les meir om Molde og Romsdalen her.

Arbeidsoppgåver

  • Etter ein introduksjonsperiode utan vakt, inngår du i 10-delt døgnkontinuerleg tilstade-vaktordning.
  • Øvrige arbeidsoppgåver er postarbeid, arbeidsoppgåver knytt til dagposten med elektive spinalpunksjonar, mottak av elektive pasientar, poliklinisk arbeid basert på eit  opplegg med "emnepoliklinikk", dager ved tverrfagleg ryggpoiklinikk, mm.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning.
  • Det er ønskeleg med erfaring og interesse for faget nevrologi.
  • Søkjar med behov for sideutdanning.
  • Søkjar må kunne meistre eit nordisk språk.

Andre opplysningar

  • Dersom det ikkje er aktuelle søkjarar, vil vi vurdere å tilsette cand.med. som venter på LIS 1-stilling

Personlege eigenskapar

  • Det vert ved tilsetting lagd vekt på gode evner til samarbeid.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Bernd Muller
Tittel: Overlege nevrologi
E-post: Bernd.Muller@helse-mr.no
Navn: Rikke Bendixen
Tittel: Lege i spesialisering
E-post: Rikke.Bendixen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologi og klinisk nevrofysiologi, legar Molde - Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 Molde