Kort om arbeidsgiver
Kommunen har til saman 6 fastlegeheimlar og ein LIS1 lokalisert ved Surnadal legesenter.
Legesenteret har fine funksjonelle lokale i sentrum og har tilknytt hjelpepersonell. 
 
Som fastlegevikar kan ein arbeide som sjølvstendig næringsdrivande etter ein såkalla "nullavtale! (ASA 4310 pkt 8.2).
 
Arbeidsoppgåver:
Surnadal kommune deltek i interkommunal legevaktordning lokalisert i Orkland kommune. Ein må rekne med 1-2 vakter i månaden, samt legevakt på dagtid ved Surnadal legesenter ca ein dag per veke. Om ein ønskjer det er det muleg å arbeide ekstra.
 
Kvalifikasjonar:
Dei som søkjer bør vere spesialist i allmennmedisin. Ikkje-spesialistar som er godkjent allmennlege, kan søkje dersom kriteria om overgangsordningar omtala i "Forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger (spesialistforskriften) er tilstades".
 
Norsk autorisasjon som lege, rekvisisjonrett, refusjonsrett frå Helfo og norskkunnskapar på eit høgt nivå er påkrevd.
Søkjarane må ha kjennskap til norsk helsevesen og helst ha erfaring frå kommunehelseteneste.
 
Det blir kravd politiattest av den tilsette og attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi tilbyr gode arbeidsforhold, fine arbeidslokale og trivelege kollegaer. Vi kan hjelpe med å skaffe bolig. Det er god barnehagedekning i kommunen.
 
Vi ønskjer søknad på epost til: post@surnadal.kommune.no, eller du kan søke via enkelt elektronisk søknadsskjema knytt til stillinga.
Søknader blir vurdert fortløpande.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Surnadal kommune
Kontaktpersoner
Navn: Gunn Bredesen
Tittel: Einingsleiar Helse og Familie
Telefon: 481 22 549
E-post: gunn.bredesen@surnadal.kommune.no
Navn: Atle Aune
Tittel: Fastlege
Telefon: 71 65 78 00 / 958 89 054
Søknad
Søknad sendes: Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL

Send søknad på mail
Arbeidssted
Surnadal Legesenter
Moavegen 29
6650 SURNADAL
Søk på stillingen