Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du ein ryddig 8-16-jobb i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø, der latter og gode smil aldri er langt unna?
Kanskje treng du å jobbe litt redusert medan barna er små? Her ved BUP Kristiansund har vi gode tilpassa arbeidsdagar, med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver for deg som har lyst til å hjelpe barn og ungdom med psykiske utfordringar.
Vi er eit breitt og kompetent arbeidsfellesskap, som saman arbeider fram eit både helheitleg og spissa utgreiings- og behandlingstilbod for barn og familiar.

Poliklinikken i Kristiansund har ledig fast stilling for lege i spesialisering frå snarast. Oppstartdato etter nærare avtale med seksjonsleiar.

Attesterte tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad/CV.

Arbeidsoppgåver

  • Som lege i spesialisering vil du arbeide variert med ulike arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein god spesialist
  • Sentrale arbeidsområder er utgreiing, medisinering, terapi, rettleiing av føresette og rettleiing av samarbeidande instansar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Svært gode norskkunnskapar (ev. svensk eller dansk), både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle eigenskapar. Dette betyr evne til å kome i kontakt med andre, kommunisere godt og framstå som ein trygg og kompetent vaksen
  • Ha evne til tilpassing. I eit større fagmiljø der vi arbeider tett med kvarandre, har ulik utdanning og saman skaper det produktet pasienten har behov for, treng vi fleksible, konstruktive menneske som arbeider godt saman med andre
  • Ein nysgjerrig, ryddig og kunnskapsrik kollega

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Les og sjå meir om byen og regionen vår her: /https://visitnorthwest.no/kristiansund/

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kjell Åsmund Bryn
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217550
E-post: Kjell.Asmund.Bryn@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sykehusgata 2
6508 Kristiansund
Søk på stillingen