Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du ein ryddig jobb i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø, der latter og gode smil aldri er langt unna?
Her ved BUP Kristiansund har vi gode, tilpassa arbeidsdagar med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver for deg som har lyst til å hjelpe barn og ungdom med psykiske utfordringar.
Vi er eit breitt og kompetent arbeidsfellesskap, som saman arbeider fram eit både helheitleg og spissa utgreiings- og behandlingstilbod for barna og deira familiar.

Poliklinikken i Kristiansund har ledig fast overlegestilling frå 01.12.2021, eller etter nærare avtale med seksjonsleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Primære arbeidsområder er utgreiing, medisinering, terapi, rettleiing av føresette og rettleiing av samarbeidande instansar
  • Overlegen har vidare ein sentral plass i teamet sitt arbeid med pasientane og deira familiar, med eit spesielt ansvar for diagnostisering  og medisinering av teamets pasientar
  • Vi har fire overlegar og to LIS, og vi skal jamnleg motta medisinstudentar for 5.års-praksis fra NTNU. Overlegane har ansvar for rettleiing og oppfølging av LIS og medisinstudentar
  • Teama våre har brei og generell utgreiingskompetanse, samtidig som vi kontinuerleg jobbar med å utvikle spesialiserte behandlingstilbod med høg fagleg kvalitet. Vi tilbyr no spesifikke behandlingstilbod for psykose (PEF), traumer (TF-CBT), spiseforstyrrelse (FBT) og emosjonell dysregulering (DBT), og desse er knytta til ressursgrupper i avdelinga vår. Vi har også ressursgrupper for risikovurderingar, småbarnsproblematikk og akuttarbeid, samt ei godt utbygd tilbod for nevropsykiatriske tilstandar
  • Det er ønskeleg at overlegen har, eller ønsker å tileigne seg, ei fordjuping innan eitt eller fleire behandlingsområde

Vi ønsker oss ein kollega som vil bidra til den vidare utviklinga av vårt faglege tilbod.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
  • Spesialistar i voksenpsykiatri eller rus- og avhengighetsmedisin er også aktuelle for stillinga 
  • Søkjarar må ha god meistring av skandinavisk språk, skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå BUP poliklinikk
  • Erfaring frå BUP døgntilbod

Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter deg som har høgt fagleg nivå og trivast med å jobbe i tverrfagleg team
  • Du er ein nysgjerrig, ryddig og kunnskapsrik kollega
  • Vi verdset gode samarbeidsevne på tvers av profesjon
  • Du er fagleg dyktig og har engasjement for vidareutvikling av fagområdet
  • Du er god til å rettleie og lære opp mindre erfarne kollegaer i ei atmosfære med tryggheit, tillit og gjensidig respekt
  • Arbeidsmiljø er viktig hos oss. Det er derfor viktig at du er raus og respektfull i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar. Du evnar å verdsette kompetanse og erfaring til kollegaene dine, og kan engasjere deg i gode faglege refleksjonar
  • Du er opptatt av god og tillitsskapande pasientkommunikasjon

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Les og sjå meir om byen og regionen vår her: https://visitnorthwest.no/kristiansund

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kjell Åsmund Bryn
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217550
E-post: Kjell.Asmund.Bryn@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sykehusgata 2
6508 Kristiansund
Søk på stillingen