Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering. Oppstartdato 06.09.2021, eller etter nærare avtale med seksjonsleiinga.

Stillinga er i ein ortopedisk seksjon med 5 overlegar og 3 LIS. Vi har eit breitt behandlingsspektrum der vi legg vekt på god og intensiv utdanning med høg operasjonsfrekvens. Seksjonen har stor operasjonsaktivitet og eit godt arbeidsmiljø. Forlenging av vikariatet kan bli aktuelt.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, segling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og  også internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.visitnorthwest.no/molde/

Attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk pasientretta arbeid på alle omsorgsnivå.
  • Operativ og konservativ ortopedisk behandling under rettleiing og supervisjon, og etter kvart sjølvstendig behandling.
  • Kvar lege har eigen fast poliklinikk.
  • Deltaking i internundervisning og supervisjon både av LIS1 og i eigen seksjon.
  • Har du interesse for forsking er det ein fordel.
  • Utviklings- og forbetringsarbeid


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS 1
  • Må mestre norsk språk, skriftleg og munnleg
  • Gode evner til kommunikasjon
  • Teamkompetanse og gode samarbeidsevner, både internt og eksternt
  • Interesse for ortopedi / kirurgiske fag
  • Erfaring frå behandling av ortopediske pasientar, frå andre operative fag eller frå geriatri  er ønskeleg, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • At ein er personleg eigna for stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting
  • Godt humør og positivitet
  • Evne til å samarbeide i tverrfaglige og tverrprofesjonelle team
  • Fagleg engasjement og nysgjerrighet, være ansvarsbevisst og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ei spesialistutdanning som er godt forankra i føretaket der læringsmål blir tatt vare på etter ein systematisk plan
  • Godt arbeidsmiljø med fokus på utdanning
  • Høg operasjonsfrekvens, vi gir kniven vidare!
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jens M. Stutzer
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 71120000
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopediske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde