Kort om arbeidsgiver

Avdeling stemningslidingar (ASL) er ein av seks avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er lokalisert på Sandvikenområdet. Øvrige avdelingar i psykiatrisk klinikk er Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS), Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin. 

Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar i tillegg til ein spesialisert poliklinikk som mellom anna gir tilbod om avansert psykofarmakologisk behandling, TMS og nevropsykologisk utgreiing. Våre seksjonar gir også behandling av bipolar mani ved hjelp av virtuell mørketerapi i form av enten BB-brillar eller ved kontroll av lyset på intensivrom.

Som psykiater ved avdeling stemningslidingar vil du ha gode vilkår for forsking i samarbeid med Forskingseininga.

Vi har no ledig fast 100% stilling som overlege, spesialist i psykiatri tilknytta ein av våre døgnseksjonar. Stillinga er ledig etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med hovudsakleg affektive lidingar
  • Kunnskapsformidling internt og eksternt
  • Samarbeid i tverrfagleg team
  • Rettleiing av LIS
  • Medverke til utvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i psykiatri eller nesten ferdig spesialistgodkjenning
  • Ønskjeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med stemningslidingar
  • Fordel med erfaring fra sjukehusnivå
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du er fleksibel
  • Du har engasjement for pasientgruppa/fagfeltet og ønskjer å videre utvikla kompetansen din
  • Du er opptatt av samarbeid
  • Du bidrar aktivt til eit god arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer ved avdeling stemningslidinar
  • Fagmiljø i Psykiatrisk klinikk med felles undervisning, spesiallstforum og kasuistikkar
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode muligheter til å delta i forskning eller kvalitetsforbetringsarbeid

 

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Knut Olaf Skårdalsmo
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: 55958774
Navn: Jan Alexander Steier
Tittel: Overlege
Telefon: 55958533
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling stemningslidingar
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillingen