Kort om arbeidsgiver

Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ei av seks avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområde. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling alderspsykiatri.

Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at regional avdeling for spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet og Helse-Bergen søkjer no ein psykiater til å leie videreutviklinga av avdelinga.  Du vil rapportere til klinikkdirektør og inngå i  klinikkleiinga. Du vil ha samla fag- og driftsansvar for psykiatrisk klinikk sitt regionale oppdrag i kombinasjon med klinisk arbeid. 

RAS er ei av fire regionale einigar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområder, og avdelinga har ei forskingsgruppe i utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Samla fag- og driftsansvar for avdelinga
  • Psykiatrisk og somatisk utgreiing og diagnostisering av pasientar
  • Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling
  • Vere ein pådrivar for fag- og kvalitetsforbedring
  • Rettleiing av LIS
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidspartnarar i regionen
  • Del av klinikkleiinga, Psykiatrisk klinikk
  • Deltakar i Nasjonalt klinisk nettverk for spiseforstyrrelser.

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Ønskjeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med spiseforstyrringar
  • Grunnleggande erfaring med og kunnskap om forvalting av behandling etter psykisk helsevernlova
  • Erfaring fra klinisk forbetringsarbeid
  • Ønskjeleg med leiarerfaring
  • Må kunne bruke norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du har god evne til samarbeid
  • Du bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer ved RAS 
  • Godt fagmiljø i psykiatrisk klinikk med felles undervising, spesialistforum og forum for kasuistikkrettleiing
  • Kompetanseutvikling på fagfeltet spiseforstyrringar
  • Høgt fagleg nivå på behandling av alvorlege spiseforstyrringar
  • Spennande moglegheiter i samband med forsking og metodeutviklling
  • Helse Bergen satsar på leiarutvikling, og kan tilby vidareutdanning innan helseleiing

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Brede Aasen
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 90097886
E-post: brede.aasen@helse-bergen.no
Navn: Signe Haugen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +47 9862 5750
E-post: signe.haugen@helse-bergen.no
Navn: Erik Johnsen
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: +47 92456225
E-post: erik.johnsen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen
Søk på stillingen