Kort om arbeidsgiver

Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av seks avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområde. Øvrige avdelingar i Psykiatrisk klinikk er Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar, Avdeling spesialisert psykosebehandling, Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling alderspsykiatri.

Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at regional avdeling for spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som psykiater ved RAS vil du ha behandlingsansvar for pasientar både i sengepost og i poliklinikk. 50 % av stillinga vil vere prioritert til forsking i samarbeid med forskingsgruppa, der det vil vere mogeleg å utvikle Phd prosjekt. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team som har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest. I vårt tverrfaglege behandlingsteam skal vi ha spesialistar i psykiatri, psykologspesialstar, psykologar, psykomotorisk fysioterapeut, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog, spesialsjukepleiarar og sjukepleiarar.

RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Psykiatrisk og somatisk utgreiing og diagnostisering av pasientar
  • Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling
  • Deltaking i tverrfagleg team
  • Deltaking i Responsteam
  • Kontakt med aktuelle instansar rundt pasienten
  • Rettleiing av LIS
  • Rettleiing og formidling av kunnskap internt og til samarbeidspartnarar i regionen

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i allmenpsykiatri
  • Ønskjeleg med kunnskap om/interesse for pasientar med spiseforstyrringar
  • Forskingskompetanse, eller ønske om å utvikle forskingskompetanse
  • Må kunne bruke norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert
  • Du har god evne til samarbeid
  • Du bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer ved RAS
  • Fagmiljø i Psykiatrisk klinikk med felles undervisning, spesiallstforum og kasuistikkar
  • Høgt fagleg nivå på behandling av alvorlege spiseforstyrringar
  • Spennande moglegheiter i samband med forsking og metodeutviklling
  • Varierande og spennande arbeidsoppgåver

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Erik Johnsen
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 92456225
E-post: erik.johnsen@helse-bergen.no
Navn: Signe Haugen
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: +47 98625750
E-post: signe.haugen@helse-bergen.no
Navn: Brede Aasen
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 90097886
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Psykiatrisk klinikk
Haukelandsbakken 15
5009 Bergen
Søk på stillingen