Bremanger kommune med omlag 3600 innbyggjarar. Vi  har ledig ein fastlegeheimel frå 01.10.2021 ved Svelgen helsesenter. Det er ei stilling med 0-liste. 

Bremanger kommune har 5 fastlegeheimlar der 2 er på Hauge legekontor i ytre Bremanger og 3 ved Svelgen helsesenter. 

Arbeidsoppgåver
Fastlegen sitt arbeid omfattar kurativt arbeid, deltaking i legevakt og deltidsstilling som kommuneoverlege. Ein må pårekne å verte tilplikta kommunale oppgåver.

Kommunen er tilslutta interkommunal legevaktsentral, lokalisert i Førde. 
 
  • Det er per no lokal legevakt i kommunen mellom kl. 08.00 og 22.00.
  • Vi deltek i eit legevaktprosjekt der legevakt mellom 22.00 og 08.00 er lokalisert til Førde. Legevakt mellom 22.00 og 08.00 er organisert under interkommunal legevakt i Førde. I same tidsrommet har våre legar bakvakt, og det er etablert legevaktsatelitt ved Svelgen omsorgssenter drifta av sjukepleiar som har direkte kontakt med legevaktansvarleg lege ved Sunnfjord interkommunale legevakt i Førde. 
  • Tilplikting til kommunal bistilling etter gjeldande avtaler.
  • Kommunen har Infodoc Plenario journalsystem.
  • Avstand til Førde sentralsjukehus er 80 km.
Kvalifikasjonar
  • Interesse for allmennmedisin
  • Refusjonsrett
  • Kvalifisert til å delta i legevakt.
  • Gyldig norsk autorisasjon og gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
     
Vi tilbyr
  •  God pensjonsordning og heildøgns forsikring.
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass.

    Kommunen kan tilby driftstilskot i kombinasjon med fast tilsetjing.

Avtale om driftsavtale og/eller tilsetting i kommunal stillingsprosent, skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld med grunnlag i gjeldande lover, reglement, tariffavtalar, sentrale og kommunale avtalar om drift av fastlegeordninga.

Evt. vilkår for kjøp av delar av praksis, avtalast med selgar etter vanlege retningslinjer.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bremanger kommune
Kontaktpersoner
Navn: Randi Ytrehus
Tittel: Kommunalsjef helse
Telefon: 95988707
E-post: randi.ytrehus@bremanger.kommune.no
Navn: Anita Brevik
Tittel: Driftssjef Familie og helse
Telefon: 95982939
E-post: anita.brevik@bremanger.kommune.no
Arbeidssted
Svelgen helsesenter
Granden 1
6723 SVELGEN
Søk på stillingen