Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreve klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarar i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune.
Samla har klinikken eit opptaksområde med 78 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2021 eit budsjett på 145 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på 150 årsverk.

Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområder, psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
- Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing til psykiatrisk helseteneste i kommunane
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 13 legespesialistar og 20 psykologspesialistar tilsatt. Vi ønskjer å styrkje spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar, og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjuehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert.

Fagområde allmennpsykiatri har følgjande seksjonar:
- C1 døgnavdeling med 15 sengeplassar
- Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk
- Tertnes allmennpsykiatriske poliklinikk
- eMeistring (intetnettbasert behandlingstilbod)

Vi søkjer etter overlege i 100 % fast stilling til Tertnes allmennpsykiatriske poliklinikk. Poliklinikken er teamorganisert beståande av to allmennpsykiatriske team, DBT team, Traumeteam, Korttidsteam, Gruppeteam og Akutt ambulant team. Fleire av teama arbeider på tvers av poliklinikkane på Tertnes og i Knarvik, dette fordi vi ønskjer å byggje gode, varige og stabile fagmiljø på tvers av våre to lokalisasjonar. Deltaking i de ulike teama kan tilpassast den enkelte kandidat.

Poliklinikken har ein svært god spesialistdekning når det gjeld lege- og psykologspesialistar. I tillegg har vi LIS-lege, psykologar under spesialisering, sjuke- og vernepleiarar, sosionomar, kunstterapeut, musikkterapeut, ernæringskonsulent og psykomotorisk fysioterapeut.     

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
  • Delta i tverrfaglege behandlingsteam

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Må ha godkjend spesialistkompetanse innan psykiatri eller rusmedisin
  • Aktuelle kandidater må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Trivast med ein hektisk og variert kvardag
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg nysgjerrig og interessert

Vi tilbyr

  • En spennande og god arbeidsplass
  • Eit høgt kvalifisert fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling og innovasjon
  • Gode moglegheiter for spesialisering i og praktisering av ulike terapiretningar
  • Godt arbeidsmiljø

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Rune Løvold
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter/ Tertnes Allmennpsykiatriske poliklinikk
Tertnesvegen 37
5113 Tertnes
Søk på stillingen