Kort om arbeidsgiver

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.

Avdeling for kirurgi, ved Kristiansund sjukehus består av ortopedi, urologi, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sterilsentral, anestesi, logistikk og kontor. Avdelinga har óg eigen forskingseining. Ved avdelinga arbeider 10 overlegar/spesialistar og 6 legar i spesialisering.

Urologisk seksjon har 3,5 overlegestillingar i 5 døgns-drift på sengepost, med 3-delt vakt på vekedager. Vi har og ein veldriven urologisk poliklinikk, med moderne utstyr og utfører avansert steinbehandling i tillegg til alle generelle urologiske inngrep. Seksjonen har og 1,5 uroterapeutstillingar og moderne  utstyr  for urodynamiske undersøkelser.

Vi har ledig 1 fast stilling som overlege - spesialist i urologi. Tilsetjing 1. september 2021, eller etter nærare avtale. Vi ber alle søkjarar laste opp vitnemål, attester og eventuelle spesialistgodkjenninger som vedlegg til søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Generell urologi
  • Visitt
  • Poliklinikk
  • Operasjoner
  • Vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i urologi, alternativt kirurg som forventa å få spesialistgodkjenning i urologi i løpet av det nærmaste året
  • Det forventast gode norskkunnskaper - munnleg og skrifteleg

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Personleg egnaheit vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kirsti Sevaldsen
Tittel: Seksjonsleder
E-post: kirsti.sevaldsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund