Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 60 % fast stilling med moglegheit for utviding for overlege i psykiatri frå 01.12.2021.

Seksjonen er ein open utgreiingsseksjon med ansvar for pasientar frå Nordmøre og Romsdal. Til seksjonen vert det søkt mellom anna planlagte innleggingar der det ofte vert bede om utgreiing i samansette problemstillingar, samt tilstandar i skjæringsfeltet psykiatri/ somatikk.

Vi har 10 sengeplassar og er lokalisert i det somatiske sjukehuset i Molde. Det er 2,6 overlegestillingar i seksjonen, 2 stillingar for LIS, 1 stilling for turnuslege, 1 stilling for psykolog/ psykologspesialist, 1 stilling for fysioterapeut, og 0,5 stilling for turnusfysioterapeut. Miljøpersonalet består hovudsakleg av spesialsjukepleiarar med vidareutdanning innan psykiatri. Pasientgruppa består diagnostisk av alvorlege depresjonar, angstlidingar, spiseforstyrrelsar, bipolare lidingar, PTSD, dissosiative tilstandar, tilpasningsforstyrrelsar, akutte kriser, personlighetsforstyrrelsar, schizofrenier (oftast utgreiingar), fødselspsykoser, suicidalitetsproblematikk, samansette tilstandar somatikk/ psykiatri og psykosomatiske tilstandar. Seksjonen gir blant anna ECT-behandling og EMDR behandling. Det vert brukt regelmessig kartleggingsverktøy i samband med de systematiske utgreiingane.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og spisestadar. 

For meir informasjon om Molde: https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/molde/

Kvalifikasjonar

  • Spesialist innan psykiatri
  • Bør ha brei erfaring innan psykiatri
  • Gjerne med erfaring eller interesse innan traumefeltet
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • LIS i avsluttande fase innan spesialiteten psykiatri er velkomen til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og fokus på kontinuerleg forbetring
  • Tilrettelegging for fagleg utvikling
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Rekrutteringstillegg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Lill Tove Gimnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: (+47) 928 43 280/ 71 12 05 39
E-post: Lill.Tove.Taknes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Utgreiing og behandling psykisk helse Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6407 Molde
Søk på stillingen