Kort om arbeidsgiver
Austrheim kommune lyser med dette ut 100% stilling som allmennlege i spesialisering. Oppstart etter nærare avtale.
 
 
Opplysninger avdeling
Stillinga er knytt til Austrheim legekontor som i dag har 3 fastlegeheimlar og tilknytt 3 turnuslegar.
Austrheim Legekontor har velutstyrte lokale, det er knytt  erfarne sjukepleiarar og helsesekretær til kontoret.
Legekontoret nyttar Infodoc journalsystem.
I Helseavdelinga er det også psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, helsesjukepleiarar, jordmor og kommunal og
privatpraktiserande fysioterapeutar og ergoterapeut.
Som kommunelege i Austrheim vert du ein del av legevaktsamarbeidet som er organisert gjennom Nordhordland
Legevakt i Knarvik. Her vil du gå inn i ein legevaktsturnus. 
 
Arbeidsoppgåver
- ansvar for eiga pasientliste (per tida omlag 1000 pasientar) og gjensidig fråværsdekning
- felles ansvar for legevakt på dagtid
- deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktturnus
 
Offentlege helseoppgåver som kan vere:
- tilsynslege ved sjukeheimen
- helsestasjonslege
- rettleiing av turnuskandidat
- andre oppgåver
 
Krav til kompetanse
Vi søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god legeteneste.
Du må også ha:
- godkjent norsk autorisasjon som lege
- fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjer
det mogeleg å praktisere som fastlege
- ein forutset at legen er spes. i alm.med. eller vil gjennomføre spesialiseringa.
- ha refusjonsrett frå Helfo
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- strukturert, målretta og beslutningsdyktig
-du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- god norskkunnskap på C1-nivå, både skriftleg og munnleg. Språknivå vert vektlagt i tilsetjingsprosessen
- godkjent politiattest
- førarkort kl. B
 
 
Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphald i minst tre månader i land med høg førekomst av tuberkolose,
 
må ved tilsetjing legge fram godkjend tuberkulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader.
 
Informasjon om stillinga
For nærare opplysningar, ta kontakt med kommunalsjef Monika Kvamme på tlf. 918 65 391 eller kommunedirektør
Bjørnar Fjellhaug på tlf. 414 33 375.
 
Vi kan tilby
God fastlønn etter avtale
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP
Fri med lønn i samband med utdanning og kurs
Legekontoret disponerer eigen bil til daglegevakt
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad og har full barnehagedekning
 
 
 
Søknad vert å senda
Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider,
www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Kontaktpersoner
Navn: Monika Kvamme
Telefon: 56162040 / 479186539
E-post: monika.kvamme@austrheim.kommune.no
Navn: Bjørnar Fjellhaug
Tittel: Kommunedirektør
Telefon: +4756162115 / +4741433375
Arbeidssted
,
5943 AUSTRHEIM
Søk på stillingen