Kort om arbeidsgiver

Ved Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus er det ledig to faste stillingar som overlege. I inntil to år vil arbeidsstad vere i Mottaksklinikken. Ein stor del av dei akutte pasientane med til dømes brystsmerter eller hjartesvikt vert primært handsama i mottaksklinikken.

Hjarteavdelinga er ei spesialavdeling der all høgspesialisert utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Avdelinga driv innan følgjande område: Ikkje-invasiv biletdiagnostikk, invasiv koronardiagnostikk/terapi og perkutane ventilimplantasjonar, toraks-kirurgi, intensiv- og overvakingsmedisin, pacemaker-, ICD- og CRT behandling, hjartesviktpoliklinikk, tachyarytmi, preventiv kardiologi og rehabilitering samt kongenitt kardiologi. Medisinsk utvikling er framtredande, og forskingsaktiviteten er høg.

Arbeidsoppgåver

  • I perioden ein jobbar i Mottaksklinikken, vil primæroppgåva vere å handsame dei hjartemedisinske pasientane der, inkludert generell kardiologisk utgreiing
  • Deltaking i Mottaksklinikken sine vaktordningar i denne perioden.
  • Arbeidsoppgåvene på Hjarteavdelinga vil tilpassast den tilsette sin faglege profil og avdelinga sitt behov. Deltaking i vaktordning.

Kvalifikasjonar

  • Norsk godkjenning som spesialist i hjartesjukdommar. Kandidatar som snart er ferdige med spesialiseringa kan vurderast.

Personlege eigenskapar

  • God fagleg kompetanse.
  • Fleksibel og positiv innstilling.
  • Interesse for -og erfaring med- forskning vil vektleggast.

Vi tilbyr

  • Høg fagleg standard.
  • Eit hektisk, men godt, arbeidsmiljø.
  • Gode pensjonsordningar.

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Eivind Solheim
Tittel: Overlege
Telefon: 55976736
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Hjarteavdelinga
Haukelandsveien 22
5009 Bergen