Kort om arbeidsgiver
Herøy kommune har nyleg vedtatt plan for legetenesta. Her står følgjande om kommuneoverlegefunksjonen: 
Kommuneoverlegeressurs vert sett til samla 120 % delt mellom kommuneoverlege og ass. kommuneoverlege. Hovudoppgåvene til kommuneoverlegen er: medisinsk fagleg rådgjeving, ansvar for samfunnsmedisinske funksjonar, overordna ansvar for smittevernet og seksjonsleiar med forvaltningsansvar for legetenesta i kommunen, inkludert plan-, økonomi- og personalansvar.

Vi søkjer etter kommuneoverlegar som vil vere med på å vidareutvikle legetenesta i Herøy kommune i samsvar med legeplanen.  Vi ønskjer kommuneoverlege i 80-100 % stilling, og ass. kommuneoverlege i 20 - 40 % stilling. Stillingane som kommuneoverlege kan kombinerast med anna kommunalt legearbeid,  til dømes sjukeheims- eller helsestasjonsoppgåver.

Kommuneoverlegen skal vere leiar for seksjon for legeteneste, og har det forvaltningsmessige ansvaret. I kommunen sin plan for legeteneste er det lagt særleg vekt på å legge til rette for for rekruttering av legar,  og utvikle heilskapleg legeteneste.
 I planen sin handlingsdel står dette: Det skal settast i verk eit strukturert kompetanseutviklingsprosjekt retta mot legar og hjelpepersonell i fastlegetenesta med det føremål å nå målet «Ei samordna legeteneste», og å stimulere til vidare digitaliseringa av kommunen si legeteneste.

Kommunen har to kommunalt drivne legesenter: Myrvåg legesenter i indre Herøy, og Herøy legesenter i ytre Herøy. Det er i tillegg oppretta solopraksis i ytre Herøy frå juli 2021 av ein av fastlegane. Det er LIS1-stillingar ved begge legesentera og kommunen tilbyr ALIS-avtalar til legar som ønsker å spesialisere seg i allmennmedisin.
Det er oppretta stilling (130 %) for sjukeheimslegar der det p.t. er tilsett vikar i 100 %. Desse stillingane er også lyste ut no.
Kommunen har vertskommunesamarbeid med Søre Sunnmøre legevakt om legevakt på natt, kveld og helg.

Den nyleg vedtekne plan for legetenesta, finn du her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf


Arbeidsoppgåver
  • seksjonsleiar for legetenesta i kommunen
  • medisinsk fagleg rådgjeving
  • samfunnsmedisinske oppgåver
  • smittevern etter smittevernlova
Fordeling av oppgåver mellom kommuneoverlege og ass. kommuneoverlege vert etter nærare avtale.

Kvalifikasjonar
  • du må ha gode leiareigenskapar
  • motivere til samhandling og vidareutvikling av ei samordna legeteneste
  • det er fint om du er spesialist i samfunnsmedisin, er under slik spesialisering eller ønskjer å starte eit slikt spesialiseringsløp
  • erfaring frå anna kommunal legeteneste, frå anna forvaltning  eller frå spesialisthelstenesta er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ønsker ein kommuneoverlege som 
  • er ærleg, open og inkluderande.
  • likar å samarbeide med andre, og å løfte fram andre
  • kan vere både tydeleg og audmjuk som leiar
  • ønsker å bidra til å utvikle legetenesta i Herøy kommune
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr
Vi rekrutterer for tida fleire legar og er inne i gode rekrutteringsprosessar. Du vil få:
  • ei leiarutfordring som inneber å skape ei ny optimisme og god samhandling i heile legetenesta.
  • god pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • fleksibel arbeidstid
  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • godt samarbeid mellom kommuneoverlegane i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre
Vi vil legge til rette for fagleg utvikling og for at du kan spesialisere deg i samfunnsmedisin, dersom du ikkje er spesialist
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn intervju. Attestar og vitnemål skal leverast på førespurnad.  Søkjarlista kan verte offentleggjort. 
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Herøy kommune Møre og Romsdal
Barn familie og helse
Kontaktpersoner
Navn: Runa Bakke
Tittel: Avd. leiar barn, familie og helse
Telefon: 91621147
E-post: runa.bakke@heroy.kommune.no
Navn: Bjørn Martin Aasen
Tittel: kst. kommuneoverlege
Telefon: 90117791
E-post: bjorn.martin.aasen@heroy.kommune.no
Arbeidssted
Eggesbøvegen 11
6090 FOSNAVÅG