Kort om arbeidsgiver
Da ein av fastlegane har sagt opp har vi frå hausten 2021 ledig fastlegeheimel i Vågå kommune.

Stillinga inneber fastlegeheimel, med pasientliste på inntil 1100 pasientar og kommunal oppgåve som tilsynslege på sjukeheim. Gruppepraksis.

Legekontoret er samlokalisert med skule- og helsestasjonstenesta, kommunal psykisk helseteneste og fylkestannlege. Ligg midt i Vågåmo sentrum.

Det er til saman 4 privatpraktiserande leger og 1 LIS1 lege. 4 heile stillingar hjelpepersonell; 1 bioingeniør, 1 sjukepleiar og 2 helsesekretærar. Vi nyttar infodoc som journalsystem.

Vi har interkommunalt legevaktsamarbeid saman med 5 andre kommunar.

 I vaktdistriktet server du ca. 18 260 personar. Legevakta er stasjonert på Lokalmedisinsk senter for Nord-Gudbrandsdal på Otta.   


Arbeidsoppgåver:

·         Fastlegeoppgåver
·         Kommunale oppgåver
·         Legevakt

Kvalifikasjonar:
·         Norsk autorisasjon som lege
·         Fullført LIS1
·         Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt LIS3 er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
·         Førarkort kl B
·         Politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar:
·         Gode kommunikasjonseigenskapar på norsk, munnleg og skriftleg
·         Evne til å arbeide ryddig og strukturert
·         Serviceinnstilt
·         Fleksibel og løysingsorientert
·         Gode samarbeidsevner
·         Bidra til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering

Vi tilbyr:
·         Legevaktbil
·         Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
·         Behjelpeleg til å skaffe bustad
 
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Liv Olasveen, e-post  liv.olasveen@vaga.kommune.no eller på telefon 61 29 37 26/99 02 82 91

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 10.08.2021
 
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Vågå kommune
Kontaktperson
Navn: Liv Olasveen
Tittel: Tenesteleiar Helsesenter
Telefon: 61 29 37 26 / 99 02 82 91
E-post: liv.olasveen@vaga.kommune.no
Arbeidssted
Moavegen 20A
2680 VÅGÅ
Søk på stillingen