Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli vår kollega?

Vi har ledige vikariat for overlege/ spesialist i anestesiologi frå snarast og med varighet ut 2022. Det er mogelegheit for fast tilsetting.  

Seksjon for anestesilegar i Kristiansund er ein del av Avdeling for kirurgi Kristiansund, som er organisert i Klinikk SNR - Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Seksjonen har 6 overlegestillingar og 1 LIS stilling. Legane bistår alle avdelingane ved Kristiansund sjukehus.

I 2025 flyttar vi inn i eit nytt og topp moderne akuttsjukehus på Hjelset. SNR vil innehalde eit nytt felles akuttsjukehus på Hjelset og eit distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Vi jobber for å sikre innbyggjarane god kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, lengre opningstider og kortare ventetid.

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her              

Arbeidsoppgåver

  • Anestesi til inneliggande og polikliniske pasientar
  • Intensivbehandling
  • Bistå i kirurgisk/ ortopedisk- og medisinsk pasientbehandling
  • Anestesipoliklinikk
  • Vidareutvikling av behandlingstilbodet
  • Delta i kvalitet- og forskingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som lege
  • Må vere godkjent spesialist i anestesiologi
  • Må meistre norsk/ skandinavisk språk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert
  • Du har fagleg engasjement
  • Du er positiv, fleksibel og ansvarsbevisst
  • Du trivast i eit aktivt og hektisk miljø med hyppige vakter
  • Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i tverrfagleg samarbeid

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Karl Raimo Lysebråten
Tittel: Seksjonsoverlege
E-post: karl.raimo.lysebraten@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Anestesileger Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund